Streikevarsel for 575 tilsette i Hordaland fylkeskommune

Dersom det vert brot i meklinga i lønsoppgjeret for kommunar og fylkeskommunar vil om lag 575 tilsette i Hordaland fylkeskommune verta tekne ut i streik. Fristen for meklinga er kl. 24.00 i kveld, onsdag 26. mai.

Dersom meklinga ikkje fører fram, vil dei tilsette vera i streik frå starten på arbeidsdagen torsdag 27. mai.

Dersom det vert mekla på overtid, og situasjonen ikkje er avklart ved arbeidstidas start torsdag 27. mai, skal alle tilsette møta på arbeid som normalt.

Dei vidaregåande skulane

Fagforeiningane har varsla at om lag 455 tilsette ved 35 vidaregåande skular vert tekne ut i streik ved forhandlingsbrot. Varselet omfattar ca. 350 lærarar og ca. 125 andre tilsette.

UNIO (samanslutning der Utdanningsforbundet er den største organisasjonen) har varsla at ca. 330 lærarar ved desse åtte vidaregåande skulane i Bergen legg ned arbeidet:

Fana gymnas (ca. 45)
Slåtthaug videregående skole (ca. 50)
Stend vidaregåande skule (ca. 30)
Åsane videregående skole (ca. 70)
U. Pihl videregående skole (ca. 30)
Tertnes videregående skole (ca. 45)
Garnes vidaregåande skule (ca. 35)
Arna vidaregåande skule (ca. 25)

Skolenes Landsforbund (SL), ein del av LO-kommune, har teke ut 12 lærarar ved desse skulane: Arna vgs., Slåtthaug vgs., Stend vgs. og Åsane vgs.

EL- og IT-forbundet har teke ut IKT-konsulentar ved 13 vidaregåande skular.

Fagforbundet (LO-kommune) har varsla at om lag 100 av deira medlemer ved 35 skular vert tekne ut i streik. Det gjeld i hovudsak merkantilt personale, sekretærar og konsulentar i administrasjonen, IKT-konsulentar, pluss ein del reinhaldsleiarar. 

Elevane skal møta som normalt!

Jamvel om det vert streik frå morgonen torsdag 27. mai skal elevane møta som normalt ved alle dei vidaregåande skulane.

Ved eventuell streik vil den enkelte skule gje informasjon om undervisningsopplegg m.m. under streiken. Informasjon vil også verta lagt ut under www.hordaland.no/streik

Fylkesadministrasjonen

I fylkesadministrasjonen og tilhøyrande einingar har Fagforbundet (LO-kommune) varsla at om lag 125 personar vert tekne ut i streik. Plassoppseiingane omfattar tilsette (sakshandsamarar og merkantilt personale) i alle avdelingane. Mellom anna gjeld det 12 tilsette i Skyss og seks ved IT-seksjonen.

Dispensasjonar

Ved eventuell streik vil fylkeskommunen søkja dispensasjon for tilsette i særleg kritiske driftsfunksjonar.

 

 

Stanley Hauge 26.05.2010 15:02
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart