
Streiken i fylkeskommunen omfattar om lag 455 tilsette ved 35 vidaregåande skular, fordelt på ca. 350 lærarar og ca. 125 andre tilsette. Streiken omfattar også om lag 120 tilsette i fylkesadministrasjonen og tilhøyrande einingar.
Elevane skal møta som normalt!
Elevar ved alle dei vidaregåande skulane skal møta som normalt på skulane måndag 28. mai, bortsett frå elevar som har fått melding om at dei ikkje skal møte. Kvar skule vil gje informasjon om korleis undervisning og annan aktivitet vil verta råka av streiken.
Ved åtte skular er ein stor del av lærarane tekne ut i streik, men også ved desse skulane skal elevane møte som normalt til skuledagen. Unnataket er Tertnes vidaregåande skule der undervisninga er innstilt for alle unnateke elevane i toppidrettskalssane.
Privatisteksamen går som normalt
Fylkeskommunen har søkt og fått dispensasjon slik at eksamen for privatistar skal gå som normalt komande veke.
Tannlegevakten
Fylkeskommunen har fått nødvendige dispensasjonar slik at Tannlegevakten i Bergen kan halda ope som normalt – inntil vidare.
Tannklinikkane
Tannklinikkane til fylkeskommunen er ikkje råka av streiken. Alle som har innkallingar til behandling skal såleis møta til tildelt time.
Opptrapping
Arbeidstakarorganisasjonane har varsla opptrapping av streiken frå morgonen onsdag 2. juni. Vi kjem attende med meir informasjon om dette.
Lenkje
Streikevarsel for 575 tilsette i Hordaland fylkeskommune
Sida er oppdatert: Måndag 31.5. 2010 kl. 09.30