
Statsrådane Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (t.v) og Audun Lysbakken på innsteg i ein av dei nye lågterskel-bussane som vert tekne i bruk i bergensområdet.
I samband med Regjeringa sitt program «Samarbeid for arbeid» ville dei to statsrådane få oversikt over korleis det står til med tilgjenge for alle (universell utforming) i kollektivtrafikken, med særleg vekt på bussane.
Gjennom orientering ved fylkesrådmann Paul M. Nilsen, direktør i Skyss – Oddmund Sylta, og eigedomssjef Helge Haavardtun fekk statsrådane informasjon om Hordaland fylkeskommune sitt arbeid på dette feltet. Direktør Jostein Hatlebrekke frå Tide Buss supplerte med informasjon om situasjonen for Tide sine bussar.
Stadig fleire bussar vert ”universelle”
I samband med overgangen til anbodsdrift av bussrutene i Hordaland, vert ein stadig større del av bussane i fylket universelt utforma. Universell utforming eit krav ved anbodsutlysinga, slik at når alle rutene vert køyrde på anbod om eit par år vil alle dei over 500 bussane i fylket vera ”universelle”.
Fylkeskommunen er også i gang med å rusta opp skysstasjonane for å gjera dei betre tilgjengelege for alle, i tråd med krava til universell utforming. Knarvik skysstasjon er snart ferdig opprusta, og ein er i gang i Åsane og Loddefjord står for tur. Innan eit par år skal ein nyopprusta Bergen busstasjon takast i bruk.
Synfaring
Under eit kort besøk på det nye terminalområdet på Bergen busstasjon fekk statsrådane Schjøtt-Pedersen og Lysbakken presentert dei nye lågterskel-bussane som skal takast i bruk i bergensområdet.