På initiativ frå Vestlandsrådet lovar Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen å setja ned ei gruppe som skal sjå nærare på dei økonomiske vilkåra i torskeoppdrettsnæringa. Fylkesvaraordførar Tom Christer Nilsen representerte Hordaland på møtet der og
Det er behov for offentlege tiltak for torskeoppdrettsnæringa, var hovudbodskapen til Vestlandsrådet under møtet med fiskeri- og kystministeren 30. april. Vestlandsprogrammet for nye marine artar, som er eit program under Vestlandsrådet, har fått utarbeida ein statusrapport for torskeoppdrettsnæringa, med oversikt over status for heile landet.
Dramatisk sanering
Næringa har gjennomgått ei dramatisk sanering dei siste to åra som følgje av økonomiske vanskar. Situasjonen vart akutt då prisen på villfanga torsk fall frå 25 til under 15 kroner kiloen hausten 2008. Oppdrettstorsken fekk same utviklinga, og marknaden har enno ikkje teke seg opp.
Det er no igjen seks – sju aktive selskap for oppal av matfisk i Norge. Meir enn15 selskap er ute av aktivitet etter 2007. Situasjonen for avlsabeid og produksjon av rogn, yngel og setjefisk er også dramatisk, fragår det av statusrapporten Vestlandsrådet har fått utarbeida.
Last ned ei oppsummering av behova for tiltak innan torskeoppdrettsnæringa.
Last ned rapporten her.