Dette går fram av mai-utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane som vart lagt fram 11. mai.
Gryande optimisme
I bedriftsundersøkinga som vart gjennomført i mars, viser at det er klare forskjellar mellom næringane. Av dei 935 bedriftsleiarane som svara i undersøkinga, melder 80 % om stabilitet eller auke i marknad og omsetning. Men særleg for verfts- og verkstadindustrien er det framleis store utfordringar framover.
Sysselsetjinga
Auken i arbeidsløyse har vore moderat. Fallet i sysselsetjinga er motverka av redusert yrkesaktivitet, spesielt gjennom auka tilstrøyming til høgare utdanning, samtidig som fleire eldre har vorte mottakarar av ulike typar pensjon, heiter det i Næringsbarometeret.
Behovet for arbeidskraft i Hordaland er aukande. I privat sektor vert det rekna med auke i sysselsetjinga på 4 300 personar. I offentleg sektor er utsiktene derimot nedgang på 1000.
Industrien slit
For industrien samla sett ser det ut til at det vil verta ein nedgang på 650 arbeidsplassar, tilsvarande 2,5 %, i 2010.
Trevareindustrien, som tidlegare har vore gjennom nedbemanning, ventar no stabil sysselsetjing, medan metall- og maskinvareproduksjonen ser ut til å slita.
Innan bygg og anlegg er aktiviteten aukande. 75 % av bedriftene ventar stabil eller auka omsetning i høve til 2009.
Eksport
I første kvartal 2010 auka eksporten frå Noreg med 9 % samanlikna med i fjor. I Hordaland og Sogn og Fjordane var veksten dobbelt så høg.
Samanlikna med 2009 ser bedriftene meir optimistisk på eksportutsiktene. På denne tida i fjor venta 30 prosent av bedriftene nedgang i eksporten samanlikna med året før, og berre 5 prosent venta vekst. I år er det dobbelt så mange som ventar vekst, og 15 prosent som ventar nedgang samanlikna med 2009.
Lenkjer
Pressemelding om Næringsbarometeret (pdf-fil)
Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane – mai 2010 (pdf-fil)