Det er igjen tid for tildeling av fylkeskommunen sin miljøpris. Prisen vert delt ut for føregåande år, og skal vere til heider og stimulans for einskildpersonar, lag og verksemder m.v. frå Hordaland som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeidet
Ved tidlegare tildelingar har både generelt miljøarbeid og gode miljøtekniske løysingar vore vinnarar. Døme på tema frå tidlegare vinnararne er lokalt miljøarbeid, vassdragsvern, biologisk mangfald, miljøleiing og aksjonsgrupper med fokus på spesielle miljøutfordringar i lokalmiljøet (kraftliner, ubåtvrak og bombefelt).
Alle kan vere med å foreslå kandidatar til prisen.
Forslaget må vere grunngjeve.
SEND FORSLAGET DITT TIL:
Hordaland fylkeskommune
Klima- og naturressursseksjonen
Postboks 7900
5020 Bergen
Frist 11. juni 2010
Kontaktperson: Karen Nybø, tlf 55 23 93 18
epost: kany@post.hfk.no