
Fire krigsveteranar frå Hordaland mottok i dag medaljen "Til minne om 65-årsjubileet for sigeren i den store fedrelandskrigen 1941 - 1945" på fylkeshuset. Fv. fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, Olai Steffensen, Georg M. Sulen, Alfred Hagelien, Ragnvald Hommen, assisterande militærattasje Igor Kolodin og andre ambassadesekretær Andrey Chemerilo frå den Russiske føderasjonen sin ambassade i Norge. Foto: Liv Strømme
På vegne av president Dimitriji Medejev kunne assisterande militærattasje Igor Kolodin ved den russiske ambassaden i Oslo overrekka medaljen til krigsveteranar frå Hordaland.
I alt er sju krigsveteranar frå fylket tildelt medaljen. Alfred Hagelien (Bergen), Olai E. Steffensen (Bergen), Georg Mathias Sulen (Fedje) og Ragnvald Hommen (Bergen) møtte fram personleg for å motta heidersbeviset. To andre var representert av familien.
Fylkesordføraren tilstade
Den høgtidelege tildelinga skjedde i fylkeshuset i Bergen, med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg tilstades. Fleire av krigsveteranane sigla i konvoi til Murmansk, enten som soldatar eller som mannskap på handelsskip. Andre deltok i kampane i Nord-Norge.
Overlevde ved eit mirkel
Ein av dei som vart heidra var Georg Matias Sulen frå Fedje. Han var soldat og minekastar om bord på fregatten Stord som gjekk som eskortefartøy, mellom anna for konvoiar til Murmansk.
Under seinkinga av slagskipet Scharnhorst utanfor Nordkapp 26. desember 1943, vart Sulen skylt over bord, men vart ved eit mirakel redda tilbake på skipet. Etter tre dagar fekk han legehjelp på eit britisk skip, og havna då på sjukestova saman med dei 36 tyskerne som vart redda frå det seinka slagskipet.
Etter krigen har Sulen delteke i fleire høgtidsame markeringar for 2. verdskrigen, både i Norge, Russland og England. Her møtte han att nokre av dei overlevande frå Scharnhorst.
Georg Matias Sulen var med på seinkinga av slagskipet Scharnhorst utanfor Nordkapp 26. desember 1943. Foto: Liv Strømme.
Familien mottok
I tillegg til dei fire krigsveteranane som mottok medaljen personleg, er desse krigsveteranane frå Hordaland tildelt medaljen ”Til minne om 65-årsjubileet for sigeren i den store fedrelandskrigen 1941 – 1945”:
Eilif De Lange, 5251 Søreidgrend (dattera Jannecke Giæver-Enger mottok medaljen)
Henrik Mongstad, 5417 Stord (barnebarnet Martin Hope mottok medaljen)
Kristen Økland, 5430 Bremnes.