Hordaland fylkesutval har bede fylkesrådmannen sjå nærare på situasjonen knytt til fylkeskommunen sitt tilskot til SOS Rasisme sitt fylkeslag. Fylkesutvalet ber om dette på bakgrunn av medieoppslag om SOS Rasisme sentralt.
I fylkesutvalet 20. mai tok Petter Kvinge Tvedt (Frp) tok opp spørsmålet om kontroll av Hordaland fylkeslag av SOS Rasisme som 4. mai fekk tildelt 20 000 kr i tilskot frå fylkeskommunen.
Kvinge Tvedt sitt forslag, som mellom anna hadde med punkt om at tilskotet til fylkeslaget skulle frysast til klagane mot sentralleddet var avklåra, fekk to røyster (Frp) og vart dermed avvist.
Eit forslag frå Joril Christensen (Ap) der fylkesrådmannen vert beden om å sjå nærare på situasjonen knytt til fylkeskommunen sitt tilskot til SOS Rasisme sitt fylkeslag, vart deretter samrøystes vedteke.
Lenkje:
dagbladet.no Hordaland fylke starter kontroll av SOS Rasisme