Garnes til topps igjen

– Eg er svært stolt, seier rektor Aud-Åsne Kvamme etter at tre elevar ved Garnes vidaregåande skule gjekk heilt til topps i den landsomfattande haldningskonkurransen mot fyllekøyring. Alex Rosen overrekte prisen på 30.000 kroner under ei tilstelling i Fil

Caroline Lønne Michelsen, Marianne Stalheim Bergli og Nathalie Aagesen Eide i Team Domino ved Garnes vidaregåande skule har gått til topps i to landsomfattande konkurransar den siste veka og har innkassert 30.000 kroner i premie.

Hektisk veke
Vinnarane går i vg2 på media og kommuni-kasjon og har hatt ei hektisk veke. Først gjekk dei rett til topps i NM for ungdoms-bedrifter etter å ha laga beste brosjyre, så gjekk dei også heilt til topps i den landsomfattande konkurransen til Motorførernes Avholdsforbund (MA).

Caroline Lønne Michelsen, Marianne Stalheim Bergli og Nathalie Aagesen Eide i Team Domino ved Garnes vidaregåande skule har gått til topps i to landsomfattande konkurransar den siste veka og har innkassert 30.000 kroner i premie.

Med denne plakaten og ein film gjekk dei tre Garnes-elevane heilt til topps: Caroline Lønne Michelsen, Marianne Stalheim Bergli og Nathalie Aagesen Eide.Vinnarlaget
På vinnarlaget til Garnes vidaregåande skule deltok Caroline Lønne Michelsen, Marianne Stalheim Bergli og Nathalie Aagesen Eide. Elevane kallar seg Team Domino og laga kampanjen med slagord ”Ikke kjør livet i gRUS” til konkurransen Death Trip. Kampanjen omfattar ein film og ein plakat.

Med denne plakaten og ein film gjekk dei tre Garnes-elevane heilt til topps: Caroline Lønne Michelsen, Marianne Stalheim Bergli og Nathalie Aagesen Eide.

Tre i finalen
I konkurransen deltok 45 bidrag frå 23 skular. Ingen skulle kunne delta med meir enn tre bidrag. Garnes hadde tre bidrag med og rektor Kvamme er stolt over at alle tre bidraga kom med mellom dei 10 som gjekk til finalen.
– Årsaka til at vi gjer det så godt er at vi har gode lærarar og god undervisning, seier rektor Aud-Åsne Kvamme.

Bjarte Brask Eriksen 07.05.2010 16:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart