Fråfallet i skulane i Hordaland på veg ned

– Vi tek fråfallet i dei vidaregåande skulane i Hordaland alvorleg og brukar fleire millionar kroner på ulike tiltak. Skulane er meir fokusert på å behalde elevane. Vi håpar at fråfallet er på veg ned, seier opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i Hordaland

Innslag frå Bergen
Tysdag 11. mai kl. 21.30 sende NRK1 programmet Brennpunkt med søkjelyset på fråfallet i skulen. Som ein forsmak til programmet laga NRK Hordaland ei nyhendesak om at kvar femte elev som går ut ungdomsskulen, har problem med å lese. – Fråfallsprosenten i den vidaregåande skulen er hausa opp. Den er ikkje på 30, men på 10-15 prosent, seier opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld. Hordaland fylkeskommune bruker mange millionar kroner på å få fråfallsprosenten ytterlegare ned.I Brennpunkt fekk vi sjå ein del innslag frå Bergen, mellom anna har Brennpunktredaksjonen gjort opptak på den store fråfallskonferansen som Hordaland fylkeskommune skipa til tidlegare i år. I tillegg har redaksjonen gjort opptak på Årstad videregående skole.

30 prosent er feil
Kor stort fråfall den vidaregåande skulen har, er svært komplekst å rekne ut. Ofte blir det sagt at 30 prosent, eller kvar tredje elev, ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Dette meiner opplæringsdirektør Fjeld er feil.

– Fråfallsprosenten i den vidaregåande skulen er hausa opp. Den er ikkje på 30, men på 10-15 prosent, seier opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld. Hordaland fylkeskommune bruker mange millionar kroner på å få fråfallsprosenten ytterlegare ned.

Fråfallsprosenten er opphausa
– Det er ein myte at fråfallet er så stort. Fråfallsprosenten er blitt opphausa. Den omfattar alle som bytter skule eller flyttar, eller tek ein lengre pause frå skulegangen av ulike årsaker. I vaksen alder kjem mange tilbake med yrkeserfaring og fullfører skulegangen, får studiekompetanse eller tek fagbrev. Det reelle fråfallet ligg mellom 10 og 15 prosent, understrekar Fjeld.

Millionar til tiltak mot fråfall
For å behalde elevane i vidaregåande skule, har Hordaland fylkeskommune sett i gang mange tiltak og prosjekt og brukar fleire millionar kroner i året. Mellom anna har ein del skular prosjekt der elevar får kombinere skulegang med praksis i yrkeslivet.

Sosialt problem
– Vi er i ferd med å dra i gang eit sterkare fokus på dette. Det blir eit sosialt problem at elevar droppar ut av skulen. Det siste tiltaket vårt er eit stort prosjekt i Bergen vest mellom tre vidaregåande skular og seks ungdomsskular. Prosjektet skal sjå på korleis vi kan gjere overgangen frå 9. klasse til vidaregåande skule betre. Skulane er meir fokusert på korleis vi skal behalde elevane på skulen. Vi håpar at fråfallet er på veg ned. Nokre av skulane i Hordaland er gode på dette. Til dømes har Øystese gymnas om lag ikkje hatt fråfall dei siste fire åra. Sandsli videregående skole har svært lite fråfall. Dette er gode døme, seier Fjeld.

Behov for ufaglært arbeidskraft
Det har og blitt ein myte at samfunnet ikkje har arbeid til ufaglærte. Fjeld viser til ferske forskingstal som viser at vi framover får behov for meir ufaglært arbeidskraft.
– Dette medfører at mange av dei som ikkje har utdanning, vil få jobb i framtida, seier opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.

Sjå programmet

Bjarte Brask Eriksen 11.05.2010 14:56
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart