Fair play for Zambia

- Det er ei spennande utvikling i prosjektet vårt Ungt Entreprenørskap i Zambia seier opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld om utviklinga i prosjektet Hordaland har gåande i Nordprovinsen.


God stemning på morgonmøte på Terminus. F.v. Annbjørg Kolltveit, Sotra vidaregåande skule, Justo Chishimba, opplæringsdirektør i i Nordprovinsen, Christopher Katumbu, Departementet, opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld, Esvah Chizambe frå Departementet, Bambala Abraham, hovudlærar, Nordprovinsen, og ansvarleg på opplæringsavdelinag, Einar Gilberg.

-Det er gode meldingar for oss at det er så vellukka at det spreiar seg til det ordinære skulesystemet i heile landet, seier opplæringsdirektøren. 

Det er nytt land for både partar, for før 2005 var Ungt Entreprenørskap eit ukjent omgrep i Zambia.

No er det i ferd med å bli eit konkret program. - Det handlar om grunnleggjaqnde verdiar som å dyrke fram samarbeidsevne, problemløysing, organisasjon og ærlegheit. Kort og godt eit etisk byggverk. Ungt Entreprenørskap er også i Noreg ei heildekkjande pedagogisk plattform, som dyrkar faglege, kognitive mål og har vide haldningsskapande oppgåver, seier opplæringsdirektøren. 

Denne veka har fire representantar for skuleverket i landet vore på vitjing hos fylkeskommunen og Sotra vidaregåande, som var dei som starta samhandlinga med faglærar Annbjørg Kolltveit som drivkraft.

- Vi nærmar oss eit forpliktande program, og vonar det er ferdig utarbeidd innan utgangen av månaden. Det finst barrierar på fleire plan, men dei er til for å overvinnast, seier rådgjevar Einar Gilberg, som driftar samarbeidet på vegner av fylkeskommunen.

– Rekrutteringa av lærarar er ein av barrierane vi støyter på. Det er store og hyppige skifte i stabane, og vi må finne ei løysing på dette. Vi har heller ikkje støtte i nokon fagplan og pensum, og det må også på plass, seier Gilberg.

Han samarbeider med folk som vil og som har tankar om korleis dei skal få eit program som passar i den zambiske skulekvardagen.

- Vi treng å byggje opp strukturar for undervisning og testing, Vi planlegg også å etablere ei stilling med ein business manager på universitetet. Målet vårt er å spre Ungt Entreprenørskap frå Nordprovinsen til heile landet, seier opplæringsdirektør i Nordprovinsen, Justo Chishimba.

- Vi går no frå prosjekt til program, og er i gang med å byggje eit vegkart og ta grep for å få til fagplanar. Vi satsar også på private aktørar i Zambian Development Agency, supplerer Chirtopher Katumbu frå Departementet.

På heimebane er no 32 av dei i alt 46 vidaregåande skulane med i UE. Nokre har også samarbeidsavtaler seg i mellom, slik at talet er endå noko høgare.

 

Tormod Valaker 11.05.2010 08:09
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart