Barn og pensjonistar skal innvie Bybanen

Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har invitert barnehagar og pensjonistlag i Bergen til å delta i ei loddtrekning om plass på dei to første ordinære avgangane med Bybanen. Frist for påmelding er 3. juni.

Bybanen opnar tysdag 22. juni 2010. HM Dronning Sonja skal kaste glans over den historiske hendinga. Dronninga og ei rekkje prominente gjester vil reise på den offisielle opningsferda med Bybanen frå Nesttun til sentrum.

To avgangar

Når dronninga kjem til sentrum, vil det bli ein seremoni der den første ordinære avgangen til Nesttun skal reise av garde med barn frå barnehagar i Bergen om bord. Samstundes vil det bli gitt klarsignal til at ei bybanevogn får avgang frå Nesttun, der medlemmer i bergenske pensjonistlag er med.

Invitasjon

Alle private og offentlege barnehagar i Bergen og alle Norsk Pensjonistforbund sine medlemslag med sete i Bergen får i desse dagar invitasjon til å delta i ei loddtrekning om å få vere med på desse to opningsavgangane.

Fristen for å melda seg på er torsdag 3. juni.


Påmeldingsskjema med adresse for påmelding, og kva opplysningar som skal vera med i påmeldinga, finn du i vedlagde pdf-filer.

Invitasjon til barnehagar i Bergen kommune (pdf-fil)

Invitasjon til pensjonistlag i Bergen kommune (pdf-fil)

Stanley Hauge 25.05.2010 14:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart