Nær 800 personar i Hordaland vert skadde eller drepne i trafikken kvart år. Sterk trafikkvekst har ført til at ulukkestalet i fylket har halde seg tilnærma stabilt sidan 2001, samstundes som ulukkesnivået i resten av landet har gått ned.
Den økonomiske ramma på 202 millionar kroner i høyringsutkastet til handlingsprogram inneber at ekstrasatsinga frå forrige planperioden vert vidareført. Løyvinga er dels ein konsekvens av at fylkeskommunen frå siste årskifte overtok ansvaret for hovuddelen av det tidlegare riksvegnettet.
Handlingsprogrammet legg opp til at 110,8 millionar kroner skal øyremerkast tiltak i Bergensprogrammet. 91,5 millionar kroner skal fordelast til resten av fylket.
Utforkøyringar og møteulukker
Fysiske tiltak som kan bidra til å redusera talet på utforkøyringar og møteulukker er den einskildposten som får største løyvinga. 54,6 millionar kroner vert føreslege avsett til tiltak som kan føra til at Bergen og Hordaland ikkje lenger toppar landsstatstikken over slike alvorlege trafikkulukker.
For 201 vert det føreslege å setja av 9 millionar kroner til sikring av fotgjengarovergangar i Bergen. Største einskildløyvinga utanom Bergen, 2,5 millionar kroner, vil gå til Bakka i Kvam. Til sikring av fotgjengarar på RV 561, Morland, er det avsett 1,5 millionar kroner. RV 561 gjennom Fjell og Øygarden har i tillegg fått øyremerka ein million kroner til andre trafikksikringstiltak.
Trafikkretta tiltak
Handlingsplanen legg opp til auka satsing på førebyggjande arbeid. Informasjonstiltak, haldningskampanjar og kontrolltiltak får avsett 12 millionar kroner berre i Hordaland.
Fleire trafikksikringstiltak er ikkje omfatta av handlingsprogrammet for 2010 - 2013. Det gjeld til dømes 45 millionar kroner som er avsett til bygging av gang- og sykkelvegar utanfor Bergen, og 37 millionar til kollektivtiltak. For å verkeleggjera den ambisiøse satsinga på sykkelvegnettet i Bergen, har Bergensprogrammet ei økonomisk ramme på 180 millionar kroner til gang- og sykkeltiltak i perioden.
Last ned høyringsutkastet til planprogram for trafikksikring i Hordaland 2010 – 2013.