E39 er vår veg. Vestlandsfylka må jobba saman for å realisere E39 Kyststamvegen som ei ferjefri hovudpulsåre for Vestlandet, var medlemmane i Vestlandsrådet samde om under dagens møte i Førde.
Aktuelle finansieringsløysingar
Dagens finansiering over Nasjonal transportplan tilseier løyvingar på to milliardar kroner per år på strekkja Stavanger – Ålesund - Trondheim, medrekna bompengar. På eit slikt grunnlag vil det ta 50 år å finansiera prosjektet. Ein er difor nøydd å søkja alternative finansieringsmetodar.
Fleire finansieringsløysingar kan vera aktuelle: Prosjektfinansiering i offentleg regi, offentleg og privat samarbeid (OPS), statleg veginvesteringsfond og rentekompensasjonsordning for ferjeavløysing på riksveg er nokre av dei alternativa som det kan vera aktuelt å jobba for.
NTP føreset at utbygging av høgtrafikkerte vegar med meir enn 3000 kjøretøy i døgnet skal delfinansierast ved hjelp av bompengar. Det kan på dette grunnlaget vera aktuelt med etablering av regionale eller fylkeskommunale bompengeselskap. Forslaget vart vedteke mot tre røyster.
Produktivitetstap
Rogaland fylkeskommune har fått gjennomført ein analyse i regi av ECON som vurderer ei utbygging av E39 opp mot eit mogleg press i norsk økonomi. Analysen viser at det er mogleg å få til gode finansieringsordningar som kan møta investeringsbehovet. Kostnadane må her sjåast i samanhang med det vesentlege produktivitetstapet ein får ved å vente på statlege løyvingar over statsbudsjettet.
E39 bør ha spesiell fokus i arbeidet til dei einskilde fylkeskommunane fram mot rulleringa av Nasjonal Transportplan, tilrår Vestlandsrådet.
Saker i Vestlandsrådet