Kulturdepartementet varsla 21. mai i år omfattande omleggingar og vil overføre ABM-utvikling sine oppgåver og årsverk til Nasjonalbiblioteket, Norsk vitenskapsindeks og Norsk kulturråd. Endringa vert sett i verk frå årsskiftet 2011.
Fryktar sentralisering
Fylkespolitikarane i dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fryktar at dette vil føra til ei ytterlegare sentralisering og ei byråkratisering av viktige regionalpolitiske arbeidsområde.
Vestlandsrådet oppmodar til overføring av statlege oppgåver til fylkeskommunen. Kulturdepartementet bør her visa forståing for korleis ABM-feltet grip inn i utforminga av regional politikk.
Betre samsvar
Fylkeskommunane har høg kompetanse på ABM-området og nyttar årleg store summar til å etablering og vidareutvikling av feltet. For å hindra at den regional- og lokalpolitiske eigarskapen forvitrar, må det verta betre samsvar mellom planlegging, politisk styring og økonomiske verkemiddel.
Fleire av utgreiingane som har vore utført i samband med statlege reformer innan regional forvaltning har konkludert med at kultursektoren er særleg godt eigna for å styrka det regionale ansvaret.
For å sikra lokalpoltisk eigarskap, må ABM-oppgåvene som vert utført lokalt, vera resultat av regional- og lokalpolitiske vedtak. Dei må ikkje berre vera konsekvensen av statlege vedtak. Resultatet av redusert regionalpolitisk medverknad kan i så fall verta omfattande budsjettkutt frå dei regionale myndigheitane.
For meir informasjon, kontakt:
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – mob. 915 22 733
Anna Elisa Tryti, fylkeskultursjef i Hordaland fylkeskommune. Tlf. 918 90 448
Trond Ueland, sekretariatsleiar – Vestlandsrådet, tlf 91 33 74 10 / 57 82 50 05