Hordaland fylkeskommune vurderer å stenge vidaregåande skular dersom det oppstår helsefare eller smittefare grunna manglande reinhald under streiken. For å halde skulane i drift så lenge som mogeleg, blir ein del tiltak gjennomført.
Rektor har ansvaret
Rektor ved den enkelte skula har det overordna ansvaret for å vurdere og sjekke skulen og kan stenge skulen om det oppstår reell helsefare eller smittefare.
I samarbeid med Helsevernetaten i Bergen oppmodar fylkeskommunen at kvar skule gjennomfører tiltak for å redusere helse- og smittefaren.
To tommelfingerreglar gjeld:
1 På skulen må det vere tilgang på vatn slik at personleg hygiene kan oppretthaldast. Dette gjeld vatn til handvask og toalett.
2 Om ein ser rotter, bør ein sterkt vurdere om faren for smitte er for høg.
MEN: Det er ikkje nok at det er skittent på golvet eller at papirbos flyt. Det utgjer ingen helsefare. Om rektor er usikker, kan den lokale helsevernetaten i den enkelte kommune kontaktast.
Sju tiltak for å hindre spreiing av bakteriar og smitte
I tillegg har fylkeshovudverneombod Jorunn B. Johannessen orientert verneomboda ved den enkelte skule om sju tiltak for å hindre spreiing av bakteriar og smitte.
1 Lukke/stenge felles kantinar som ikkje blir reingjort skikkeleg
2 Stenge vassdispenserar
3 Stenge felles kaffemaskinar
4 Tilsette og elevar må ta mat og drikke til eiga bruk
5 Kjøp inn eingongsbeskytting for toalettet
6 Innføre spritdispenserar ved alle handvasker, oppmode til bruk av desse, også når ein handterer avfall i avfallsrom
7 Vere ekstra flinke til å kjeldesortere. Matavfall som blir lett øydelagt, kan frysast om skulen har frysekapasitet
Om det blir observert rotter eller mus nær og i avfallet, bør ein kanskje kontakte utanforståande skadedyrkontrollfirma for ein gjennomgang av kor stor risiko det er for tilsette og elevar.
Det er rektor som har det lokale ansvaret for sin skule og kan stenge den om tilhøva tilseier det.
Meir om streiken i Hordaland fylkeskommune