Vestlandet vil ha innflyting i EU

Vestlandet bør spela ei aktiv rolle i tilhøve som gjeld Nordsjøen og resten av Europa. Istaden for å sitja passive og venta på at Oslo skal handla ut frå nasjonale interesser, vil rådet arbeida aktivt for å leggja regionale føringar for korleis dei nasjon

Status og mogelegheiter i internasjonalt engasjement stod på dagsorden første dagen under Vestlandsrådet si vårsamling i Førde. Nordsjøkommisjonen, EU sitt klimamål og etterspørselen etter norsk fornybar energi peika seg ut som sentrale tema for vestnorsk deltaking i den europeiske debatten. Medlemmane i rådet fulgte opp med politiske vedtak andre dagen.

Nordsjøstrategi

Nordsjøkommisjonen arbeider for å få til ein felles strategi for alle landa kring Nordsjøen. Vert strategien gjennomført, vil han få konsekvensar langt opp i norske fjæresteinar. Så langt har norske nasjonale styremakter ikkje vore involvert.

Vestlandsrådet bør bruka nettverket vi har til å påverka prosessen. Eller kvifor ikkje etablera Nordsjøen som ein makroregion med ein eigen strategi etter mønster av Austersjøen, oppfordra fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen i Hordaland.

Vestlandsrådet vedtok samrøystes å be den norske regjeringa om å følga opp arbeidet med ein strategi for Nordsjøen. Det bør opnast for at norske fylkeskommunar kan delta i utarbeiding og gjennomføring av ein slik strategi. Nordsjøstrategien må vera ein sektorovergripande strategi for Nordsjøbassenget. 

Nordsjøkommisjonen

Nordsjøkommisjonen er ein av seks geografisk underkommisjonar i organisasjonen for perifere og maritime regionar ((Conference of Peripheral Maritime Regions - CPMR). Kommisjonen arbeidar for å å foreinkla og forbetra samarbeidet mellom regionane kring Nordsjøen. Å utvikla Nordsjøbassenget som ei økonomisk berekraftig eining i Europa. Aktiviteten er handlingsretta, med vekt på forsking, samarbeid og felles politiske utsegn.

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilen frå Hordaland er medlem i Nordsjøkommisjonen sitt styre. Ellen Solheim, frå Rogaland, er visepresident i arbeidsgruppa for innovasjon og opplæring.

Organisasjon for perifere og maritime organisasjonar

Vestlandsrådet tilrår at dei fire medlemsfylka aukar samordninga inn mot mot organisasjonen for perifere og maritime regionar (CPMR). Organisasjonen har som overordna målsetjing å sørgja for at regionane sine fellesinteresser vert tekne omsyn til i EU så vel som i nasjonale fora. Øvst på dagsorden står initiering og gjennomføring av praktiske prosjekt som kan bidra til å utvikla og styrka regionane sine fortrinn.

CPMR har stor innflyting i EU-kommisjonen. Deltaking her vil difor kunne få merkbare resultat for vestlandsfylka. CPMR har 160 medlemmar frå 28 land. Til saman representerer organisasjonen 190 millionar menneskje. Fylkesordførar Tom Tvedt i Rogaland er medlem i organisasjonen sitt hovudstyre.

Saker frå Vestlandsrådet

 

Liv Strømme 11.06.2010 11:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart