Barn og ungdom ønskjer sterkare politisk innflyting i saker som vedkjem dei. Til helga skal Ungdomens fylkesutval og ungdomsråda i Hordaland ha nettverksamling for å læra påverknadsmetodar og lobbyverksemd av Filip Rygg.
Det er ikkje engasjementet det skortar på. Barne og unge er ofte samfunnsengasjerte og meir opptekne av det som skjer i lokalmiljøet enn foreldregenerasjonen. Gjennomslaget i politiske fora kan derimot verta betre. Kommunepolitikarane har gjerne varierande kjennskap til eksistensen av lokale barne- og ungdomsråd. Det er dette ungdomens fylkesutval først og framst ønskjer at nettverksamlinga skal bidra til å gjera noko med.
Til helga samlast 34 ungdomar frå heile fylket til kompetanseutvikling og nettverksbygging i Bergen. Her skal dei læra av kvarandre og verta betre kjende. Samlinga er blitt ein realitet takka vere oppunder 100.000 kroner i EU-stønand til programmet ”Aktiv Ungdom”.
Førebilete
Øvst på dagsorden står ”Påvirkning og lobbyisme - Hvordan få gjennomslag for din sak i ditt kommunestyre?” av Filip Rygg. Den unge oppvekstbyråden i Bergen og KrF-politikaren har sjølv fartstid frå ungdomsrådet. Han vil kunna dela gode råd, men vil også kunna framstå som eit føredøme for dei unge deltakarane på nettverksamlinga.
Lokalsamfunn
Ungdom og lokalsamfunnutvikling og internasjonal strategi er dei to andre hovudtemaene ungdomen skal læra om på samlinga.
Fleirtalet av ungdomane er er utsende av skular og organisasjonar. Mindretalet er partipolitisk aktive. Dei kjenner ikkje til alle opningane engasjement i det kommunale barne- og ungdomsrådet kan føra til. Det er mange modellar for korleis lokalpolitikarane kan kontaktast.
Ungdomens fylkesutval
Ungdomens fylkesutval vert utnemnd av Ungdomens fylkesting. Dette er ein arena for ungdom frå heile fylket. Her kan dei programfesta sine politiske synspunkt og arbeida for å få gjennomslag gjennom å være ungdommens talerør i politikken i Hordaland.
Liv Strømme 04.06.2010 08:20