Tilrår køprising i Bergen

For å få til ei effektiv trafikkregulering i Bergen sentrum tilrår fylkesrådmannen at det vert innført køprising på biltrafikk i byen frå 2012.

Kapasitetsproblem på vegnettet, behov for å redusera klimagassutsleppa og lokal luftforureining er argument som talar for at det bør innførast tidsdifferensierte bompengar (køprising) i Bergen. Dette skriv fylkesrådmannen i tilrådinga si til ekstramøtet i Samfersleutvalet i Hordaland 8. juni.

Føreset vidare bybaneutbygging

Fylkesrådmannen understrekar at dette er eit trafikkregulerande tiltak som må sjåst i samanhang med utviklinga av eit kollektivtransportsytem med god kapasitet. Fylkesrådmannen føreset at innføring av køprising i Bergen vert knytta opp mot statleg medverknad til finansiering av vidare utbygging av bybanen i Bergen.

Les fylkesrådmannen i Hordaland si tilråding til samferdsleutvalet.

Liv Strømme 04.06.2010 13:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart