Å få etablert ei gjennomgåande ekspessbussrute på strekninga Stavanger – Trondheim har lenge vore ei høgt prioritert oppgåve for Vestlandsrådet. Eit slikt samband vil bety mykje for næringslivet på Vestlandet, ikkje minst for reiselivet, men og for busetnaden og for miljøet.
Spleiselag med staten
Å få til eit høgfrekvent, sjølvfinansierande busstilbod har vist seg å by på utfordringar. Skal ein kunna forbetra dagens tilbod vil det vera behov for tilskot i storleik 20 – 40 millionar kroner utover dagens finansiering.
- Eit spleiselag med staten er nøkkelen til etableringa av ei gjennomgåande ekspressbussrute langs kysten, hevdar Olav Braland, leiar for Vestlandsrådet og fylkesordførar i Møre og Romsdal.
Motverka regionale skilnadar
Målet med møtet vert å freista få til ei avklaring korvidt staten er villig til å vera med på å bidra til at vi kan få til eit ekspressbusstilbod for heile Vestlandet. Samferdsledepartementet har så langt vore negativ til å bidra, men Bratland har likevel von om at Samferdsleministeren vil sjå nytteverdien av eit slikt tilbod.
- Eit godt argument for støtte, er det at Austlandet får statlege midlar til jernbane, medan Vestlandet i dag ikkje mottek støtte til regional kollektivtrafikk, seier Bratland.
Med seg på møtet med samferdsleministeren får Bratland samferdslesjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal, og sekretariatsleiar i Vestlandsrådet, Trond Ueland.
For meir informasjon, kontakt Olav Bratland, tlf. 38 57 76 eller Trond Ueland, tlf 91 33 74 10, trond.ueland@sfj.no