Fagorganisasjonane har tatt ut eit stort tal medlemmer i streiken etter kvart som han er trappa opp. Dette rammar mange sider ved skolen si drift - undervisning, eksamen, reinhald og merkantile funksjonar. I tillegg til at undervisninga er råka, får mange av elevane våre avlyst eksamen.
Hordaland fylkeskommune vart i ovannemnde oppslag kritisert for vurderingar knytt til søknader om dispensasjon frå streiken.
Det er sjølvsagt krevjande for mange familiar når det daglege undervisnings- og tilsynstilbodet til deira barn ikkje kan oppretthaldast, slik det skjer når skole og barnehagar vert råka av streik.
Når det gjeld dei elevane som har rett på spesialundervisning, og som går i klassar med redusert elevtal, Kvardagslivstrening og Arbeidslivstrening, har ikkje fagorganisasjonane tatt omsyn til denne elevgruppa når dei har tatt ut medlemmer til streik. Med andre ord – undervisninga i desse gruppene er streikeramma på same måte som all anna undervisning.
Kvifor har ikkje Hordaland fylkeskommune oppmoda skolane om å søkje dispensasjon for lærarar, miljøarbeidarar og anna personell slik at tilbodet til denne elevgruppa kan skjermast for konsekvensane av streiken?
Hovudsvaret på dette er at fylkeskommunen har ansvaret for sjølve opplæringa til eleven. Det er såleis dei som har ansvaret for eleven utanom opplæringstida, foreldre, føresette og kommunane i fylket som då må ta ansvaret for tilsynet med eleven, også i skoletida. Tilsvarande må foreldre ta ansvaret for sine små når barnehagane er streikeramma. Vi veit at dette skaper vanskeleg situasjonar både for elevane og for dei som er rundt eleven.
Fylkeskommunen kunne ha sytt for at skolane søkte dispensasjon, og at alle dispensasjonssøknadene vart oversendt til organisasjonane for avgjersle.
På ein måte ville det vore ei lettvint og freistande løysing. Skolane ville hatt ryggen fri, fylkeskommunen ville hatt ryggen fri og fagorganisasjonane måtte tatt heile ansvaret – både for uttaket til streiken og for kor dei legg lista for dispensasjonar. Men det kunne og gitt tilfeldige og urettferdige løysingar, og det ønskjer ikkje Hordaland fylkeskommune å bidra til.
Hordaland fylkeskommune ønskjer å opptre som ein ansvarleg part i ein lovleg konflikt. Det ansvaret har vi ovanfor tredjepart, men det er og eit ansvar vi har ovanfor det som er motparten i konflikten, nemleg organisasjonane. Det betyr at vi må ta eit medansvar for å løfte opp og fram dei dispensasjonssøknadene vi meiner er dei viktigaste innanfor vårt ansvarsområde, der vi ivaretar omsynet til rettferdig behandling og der vi viser respekt for dei krava motparten nettopp vil synleggjere gjennom å gå til det alvorlege steget ein streik er. Så langt er alle dei dispensasjonssøknadene og grunngjevingane for dei lest nøye. Dei er lest av fleire personar med ulik rolle og bakgrunn, og vurderingane er gjort i fellesskap. Vi har vald å legge oss på ei nøktern linje med omsyn til dei dispensasjonssøknadene vi har oversendt til organisasjonane så langt.
I Hordaland fylkeskommune har vi rundt rekna 230 elevar som får særskilt tilrettelagt opplæring i klassar / grupper tilsvarande den aktuelle Stend-eleven får sitt undervisningstilbod i. Det betyr at det er mange fleire enn denne enkelteleven som har fått snudd om på dagane sine, og som ikkje får det undervisningstilbodet skolen skal gi. Det er inga trøyst; tvert imot så bidreg det til å synleggjere kor alvorlege konsekvensar ein streik har.
Oppslag i Bergens Tidende 6. juni