Streiken i offentleg sektor er over. Dermed opnar dei vidaregåande skulane i Hordaland. Elevane møter på skulane i morgon tidleg.

Tilsette i Hordaland fylekskommune som var i streik, går tilbake på jobb torsdag morgon. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Tilsette i Hordaland som var i streik, møter på jobb igjen torsdag morgon. Så langt det er mogeleg vil det bli ordinær drift ved dei vidaregåande skulane i Hordaland. Det medfører at undervising og eksamen som det er mogeleg å gjennomføre, går etter planen.
Betinga permisjonsvarsel, som vart sendt ut til 810 tilsette i fylkeskommunen, som ikkje var i streik, er no trekt tilbake.
Bjarte Brask Eriksen 09.06.2010 13:54