28. mai arrangerte "Partnarskap for folkehelse i Hordaland" ein vellukka konferanse om korleis folkehelsearbeidet kan understøtte kommunane i handteringa av Samhandlingsreforma.
Kommunar, frivillige organisasjonar, Fylkesmannen, NAV, og Helse-Bergen var blant deltakarane.
I tillegg blei ein ny oversikt over nasjonale tilskotsordningar til folkehelsearbeid presentert.
Folkehelse og samhandlingsreforma - eit tverrsektorielt ansvar
Anders Smith, seniorrådgjevar/lege, frå Helsedirektoratet heldt foredraget "Samhandlingsreforma - korleis kan den nyttast i folkehelsearbeidet?"
Samhandlingsreforma skaper mange spørsmål for kommunane. Reforma handlar mykje om førebygging. Mange viktige utfordringar blei diskutert: - Korleis skal kommunane få det til? Og spesielt: - Korleis skal dei få til folkehelsearbeidet? spurte Smith i foredraget, der han fokuserte på det tverrsektorielle ansvaret for folkehelsearbeidet. Viktige konklusjonar:
Tilskotsordningar til folkehelsearbeid
Lise Corwin introduserte nettsida www.hordaland.no/folkehelsetilskot som er ein oversikt over nasjonale tilskotsordningar for folkehelsearbeid. Moglegheitene for å søkje på folkehelsetilskot i Noreg er mange, men dei er ofte forvirrande og tidkrevjande. Ca. 7 milliardar kroner blir kvart år løyvd til folkehelsearbeid frå m.a. dei ulike direktorata, EU-prosjekt, fylkeskommunane, frivillige og næringslivet (Vik, 2010).
Hordaland fylkeskommune har tatt initiativ til å samle desse ordningane for å gjøre det enklare å skape ei betre folkehelse i fylket vårt. Partnarane kom med innspel til korleis tilskotssida kunne bli best mogleg. Sida skal oppdaterast i løpet av sommaren.
Lenke til Stortingsmelding nr. 47 (2008-2009) om Samhandlingreformen
Lenke til Helsedirektoratet si nettside om Samhandlingsreformen
Kontaktperson: lise.corwin@post.hfk.no, tlf: 55239595