Samlar Arna vidaregåande skule

Arna vidaregåande skule vil få samla all undervisninga i Vestliveien på Garnes hausten 2011. Eit tilbygg til 20 millionar kroner skal stå klart til å ta imot bygg- og anleggsteknikklina som no har lokale i Seimsmarka.

Eit samrøystes fylkesting gav 8.-9. juni klarsignal for oppstart av planabeidet.

Ny bygghall

Prosjektet er kostnadsrekna til 20 millionar koner fordelt med 15 millionar til ny bygghall og 5 millionar til nødvendig ombygging ved skulebygningen i Vestlivegen.

Bygghallen får undervisningsdel med grupperom, garderobar og kontor, og ein verkstaddel. Total golvflate er på ca 720 kvadratmeter. I tilknyting til bygghallen skal det opparbeidast eit uteareal.

Løyvingar

Til prosjektet har fylkestinget løyvd 5,7 millionar kroner over årets budsjett. 1 million kroner er løyvd tidlegare. 13,3 millonar kroner skal finansierast i 2011.

Hausten 2011

Målet er å ha utbygginga ferdig til skulestart hausten 2011, førsett at ein får til ei rask avklaring av reguleringsmessige forhald.

Liv Strømme 29.06.2010 09:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart