For 4. året på rad skipar Hordaland fylkeskommune og Raudekrossen til sommarskule for elevar i vidaregåande skular. 80 elevar har meldt seg på – nærare dobbelt så mange som i fjor.
Tilbodet er meint å gje ein ny sjanse for elevar som er motiverte for å betra kunnskapar og karakterar i matematikk, norsk, engelsk eller naturfag. Sommarskulen er eit intensivt undervisningsopplegg over to veker. Om lag halvparten av elevane planlegg å avslutta kurset med å avleggja ny eksamen i eitt av faga.
Fleire skal fullføra vidaregåande
- Hordaland fylkeskommune ser på tilbodet som eit viktig bidrag til at fleire unge skal kunna fullføra vidaregåande opplæring, seier opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.
Frivillig innsats
Tilbodet er blitt ein realitet takka vere eit unikt samarbeid mellom fylkeskommunen og frivillige i Raudekrossen. Til saman stiller omlag 20 studentar, lærarar og pensjonistar med kunnskapar i dei aktuelle faga opp for å hjelpa kunnkapstørste ungdomar til betre karakterar.
I år vert det tilbod i Bergen og på Askøy. Sommarskulen startar mandag 28. juni kl. 9.00 i huset til Raudekrossen på Vetrlidsalmenning i Bergen og på Askøy vidaregåande skule.
For meir informasjon, kontakt: Petter de Presno Borthen, tlf. 977 40 609.
Liv Strømme 25.06.2010 14:44