Regional plan for betre vassmiljø godkjent i statsråd

Forvaltingsplan for vassregion Vestlandet 2010-15 vart vedteken som regional plan av fylkestinget 12.9.09. Planen vart 11. juni godkjent i statsråd ved kongeleg resolusjon, med dei merknader som der er gitt.

Vassforvaltningsplanar for alle regionar i landet er godkjent. Planane fortel korleis det står til med vassmiljøet, kva truslar som finst, og kva vi må gjere for å sikre vassmiljøet for framtida. 

- Med desse planane tek vi det fyrste ordentlige skrittet på vegen mot ein meir heiskapleg og samordna vatnforvaltning, med klåre miljømål for vassdrag, grunnvatn, fjord og kystvatn, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Vassforvaltning frå fjell til fjord

Vassforvaltninga er i ferd med å bli meir heilheitleg frå fjell til fjord, og betre samordna på tvers av mange involverte sektorar og myndigheiter. Dette nye løftet for vannmiljøet i Norge skjer samtidig med tilsvarande prosessar i Europa, og følgjer blant anna av Vassdirektivet som er eit av EUs mest vidtrekkjande miljødirektiv.

Frå 2010 har utpeikte fylkeskommunar, deriblant Hordaland, overtatt rollen som vassregionmyndighet i landets 11 vannregionar, og får derfor ansvaret for å samordne gjennomføringa av planene. Ansvaret for å følgje opp planane ligg derimot hos mange ulike sektorar og myndigheiter som skal bruke sitt lovverk og sine verkemiddel for å jobbe mot eit felles mål.

Utvalde vassområde

Planen omfattar utvalde vassområde. I Hordaland er det berre Nordåsvannet vassområde i Bergen kommune som er omfatta av planen. På landsbasis omfattar dei utvalde vassområda om lag 20 prosent av landet. Planar for dei utvalde områda kan no iverksetjast. 

Direktoratet for naturforvaltning samordnar alle dei statlege etatane som er involvert, og rettleiar og støtter vassregionane i arbeidet.

Les heile resolusjonen her

Pressemelding frå Miljøverndepartementet

Les meir om saka på www.vannportalen.no og www.hordaland.no/vassregion-hordaland

 

 

14.06.2010 12:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart