Reduksjon i utslepp av klimagassar i Hordaland

Frå 2007 til 2008 gjekk utsleppa av klimagassar ned med 4,2 prosent i Hordaland. Det er reduksjon i utsleppa både frå industri, biltrafikk og andre kjelder. Årsaka er i stor grad finanskrisa.

Høgast utslepp i Hordaland
I heile landet er nedgangen på 2,3 prosent. Om vi held luftfart utanfor var nedgangen i Noreg på 3,3 prosent, mens den i Hordaland var på 4,5 prosent. Men Hordaland er framleis det enkeltfylket i Noreg med høgast utslepp, tett følgd av Rogaland.
Desse tala går fram av Miljørapport Hordaland fylkeskommune 2009

Størst nedgang i Lindås
Nedgangen i utsleppa av klimagassar skuldast i stor grad finanskrisa. Til dømes var det lågare aktivitet i godstransport og drosjenæringa i andre halvdel av 2008 og lågare produksjonsaktivitet i til dømes Lindås.  Lindås er ein av fire kommunar i landet med størst reduksjon i utsleppa.

Auka utslepp
Samanliknbare tal for 2009 er ikkje tilgjengelege enno. Om vi held kollektivtrafikken utanom viser fylkeskommunen sine eigne tal derimot ein auke i utslepp frå fylkeskommunen si verksemd i 2009. Lågare forbruk av drivstoff i kollektivtrafikken står for ein vesentleg reduksjon i utsleppa herifrå, mens anna verksemd i fylkeskommunen har hatt ein auke i klimagassutsleppa.

Nedgang i utsleppa frå kollektivtrafikken
I Hordaland auka CO2-utsleppa frå fly- og bilreiser auka med høvesvis 2 prosent og 2,2 prosent, mens CO2-utslepp frå fyringsolje auka med 10,3 prosent i 2009. Den samla energibruken i fylkeskommunale bygningar har auka med 2,8 prosent, og dei samla CO2-utsleppa frå fylkeskommunal verksemd, utanom kollektivtrafikk, auka med 6,1 prosent (92 tonn CO2). Utsleppa frå kollektivtrafikken vart redusert med 3,7 prosent (1 874 tonn CO2).

Miljørapport Hordaland fylkeskommune 2009

Meir informasjon om miljørapportane på miljøsidene til Hordaland fylkeskommune

Bjarte Brask Eriksen 30.06.2010 15:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart