I dag har ytterlegare 560 tilsette i Hordaland fylkeskommune fått betinga permitteringsvarsel grunna streiken. Dermed er det totale talet som har fått permitteringsvarsel oppe i 810.
Det betinga permitteringsvarselet har gått til tilsette ved Stord vidaregåande skule, Sotra vidaregåande skule, Knarvik vidaregåande skule og Åsane vidaregåande skule. Permitteringsvarselet er 14 dagar og vil dermed gjelde frå 23. juni om det framleis er streik.
I morgon vil det bli sendt ut betinga permitteringsvarsel til tilsette ved dei resterande vidaregåande skulane i Hordaland.
Frå før har 250 tilsette fått betinga permitteringsvarsel. Dette er tilsette ved Sandsli videregående skole, Langhaugen videregående skole, Laksevåg videregående skole, Bergen katedralskole, U. Pihl videregående skole, Tanks videregående skole, Slåtthaug videregående skole, Garnes vidaregåande skule, Fyllingsdalen videregående skole, Fana gymnas og Bjørgvin videregående skole.
Bjarte Brask Eriksen 08.06.2010 14:50