Permitteringsvarsel til 148 i fylkeskommunen

Hordaland fylkeskommune sender i dag ut betinga permitteringsvarsel til 148 tilsette ved sju vidaregåande skular grunna streiken.

Dette gjeld tilsette ved U. Pihl videregående skole, Tanks videregående skole, Slåtthaug videregående skole, Garnes vidaregåande skule, Fyllingsdalen videregående skole, Fana gymnas og Bjørgvin videregående skole.

Permitteringsvarselet går til tilsette som ikkje er tekne ut i streik ved skoler som er omfatta av streiken. Varselet er på 14 dagar, slik at permitteringa kan først byrja å gjelde frå 21. juni. Permitteringa er betinga av at det framleis er streik.

Frå før har Hordaland fylkeskommune sendt ut betinga varsel om permittering til 100 tilsette ved Sandsli videregående skole, Langhaugen videregående skole, Laksevåg videregående skole og Bergen katedralskole som ikkje er i streik. Det medfører at totalt 250 tilsette i Hordaland fylkeskommune har fått betinga permitteringsvarsel.

Hordaland fylkeskommune har vidare sendt ut varsel om at alle tilsette ved dei andre vidaregåande skulane i Hordaland som ikkje er i streik, vil få betinga permitteringsvarsel.

Bjarte Brask Eriksen 07.06.2010 13:33
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart