Vestlandsrådet vil denne gongen ha møte i Førde, på Sunnfjord Hotell.
Vestlandet sine muligheiter i ein Europeisk samanheng vil vera tema begge dagane. Torsdag vil forskar Ivar Petter Grøtte frå Vestlandsforsking gje ein presentasjon av moglege programområde og prosjekt. Deretter har vi invitert direktøren for Stavangerregionens Europakontor og direktøren for Vest-Norges Brusselkontor til å vere med å drøfte potensiale for auka samarbeid i Europa.
Tilhøvet til EU
Vestlandsrådet sitt tilhøve til Nordsjøkommisjonen og organisasjonen for perifere maritime regionar, som alle fire fylkeskommunane på vestlandet er medlem av, er tema for eigne saker fredag. Dei fleste regionar som er knytt til Nordsjøen arbeider forå få til ein eigen Nordsjøstrategi i regi av EU. Ein vil særleg sjå på forvaltning av Nordsjøen, betre tilgang og attraktivitet i forhold til hamnene, takle klimaendringar, fremje innovasjon og verdiskaping, legge til rette for at vi framleis skal ha bærekraftige og gode lokalsamfunn.
For Vestlandsrådet sin del er det avgjerande at ein arbeider saman slik at ein best mogeleg kan sikre at Vestlandet når fram med sine krav og meiningar.
Rådet vil og drøfte det Nordatlantiske samarbeidet – NORA – som Vestlandsrådet er medlem av og som gjeld Grønland, Island, Færøyane og Kystnoreg.
E39 – Kyststamvegen
Vestlandsfylka samarbeidar for å få til kreative finansieringsordningar som kan realisere Vestlandets hovudpulsåre, E39 Kyststamvegen. Investeringsbehov på E39 Kyststamvegen utgjer om lag 100 mrd kroner, for å få til eit totalt ferjefritt samband på heile strekkja frå Kristiansand til Trondheim.
Petroleumsmeldinga
Den nye petroleumsmeldinga vil vere særs viktig for Vestlandet. Sjølv om det vil vere ulike behov og tilnærmingar i dei fire vestlandesfylka, er det viktig at Vestlandet samstundes maktar å etablere ei felles ”stemme” inn mot sentrale styresmakter. Tilnærminga til Petroleumsmeldinga vil verta fremja som eiga sak.
Heile sakslista:
E39 Kyststamvegen - finansiering og...
Avslutting av prosjektet "Ekspressbuss Vestlandet"
Vestlandsrådet og NSC/CPMR
Innspill til arbeid mot å utarbeide en...
Nasjonal medfinansiering NORA - Nordatlantisk...
Sak om ny petroleumsmelding - Norsk sokkel, ny...
Skriv og meldingar 2010
For nærare informasjon, kontakt:
Trond Ueland, sekretær Vestlandsrådet, tlf. 91 33 74 10 / 57 82 50 05
Du kan lesa meir om Vestlandsrådet på www.vestlandsraadet.no