Klima- og miljøplanen Hordaland fylkesting vedtok i juni i år legg opp til ein kraftig reduksjon i utsleppa av klimagassar. Deltakinga i demonstrasjonsprosjektet Rein Marin Kraft (REMKOF) er i samsvar med intensjonen i det politiske vedtaket. Prosjektet omfattar utvikling, bygging, installasjon og drift av eit hydrogendrevet brenselcellesystem på MF Vågen. Fylkeskommunen har så langt bevilga ein million av ei samla kostnadsramme på 15 millionar kroner.
Lydlaus
Lydlaust glir MF Vågen avgarde frå Torgutstikkaren i retning Tollboden. Til glede for skippar Knutsen så vel som for dei 30.000 årlege passarsjerane er støyen frå den tidlegare dieselmotoren erstatta av knapt hørbare tøff…, tøff…, tøff… frå ei brenselscelle.
- Det er lyden passarsjerane kommenterer først. Konene seier til ektemaken at ein slik båt vil dei også gjerne ha, smiler en nøgd skippar. No kan han gå heim etter endt vakt og framleis ha overskot til andre aktivitetar. Før var han klar for sofaen etter ein heil arbeidsdag i dunkinga frå dieselmotoren.
Men det er ikkje berre støyen som er vekk. Også når det kjem til utslepp er brenselcelleteknologien meir miljøvenleg enn dieseldrivne fartøy. Framdrifta resulterer ikkje i forureinande utslepp av verken NOx, SOx eller partiklar. Utsleppa av CO2 er kraftig reduserte. Brenselceller har dessutan høgare verknadsgrad enn forbrenningsmotorar, slik at drivstofforbruket vert redusert.
Lading av batteriet over natta kostar 12 kroner og er nok til at MF Vågen kan klara sine 32 daglege turar over havnebassenget i 4 – 5 knops fart, fortel prosjektleiar Tomas Ryberg i CMR Prototec.
Eitt av tre
MF Vågen vert det første passasjerfartøyet i Norge drive med hydrogen og brenselceller. Så vidt vi veit er dette eitt av tre forsøksprosjekt i Europa som satsar på slik framtidsretta framdriftsteknologi. Dei to andre - eit i hamburg og eit i Amsterdam - satsar på andre brenselcelletypar, ifølgje Ryberg.
Enn så lenge går MF Vågen på batteridrift. Før hydrogenforsyninga kan koplast på attstår enno nokre testar. Testforsøket med hydrogendrift skal sikra at teknologien fungerer som forventa. Det skal og dokumenterast at tryggleiken for passasjerane er jamgod med den som er ombord på andre fartøy med konvensjonell framdrift.
Perspektiv ferjedrift
Demonstrasjonsprosjektet vil gje nyttig kunnskap om vidare utvikling av brenselcelleteknologi til bruk i større skip og ferjer. Det siste gjev særleg interessante framtidsperspektiv for Hordaland Fylkeskommune som er ansvarleg for ferjedrifta i fylket.