
Streikevakter på plass utanfor fylkeshuset i Bergen. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Hardast råka
Fire vidaregåande skular i Bergen blir hardast råka av opptrappinga frå 2. juni: Sandsli videregående skole, Langhaugen videregående skole, Laksevåg videregående skole og Bergen katedralskole.
Ved Sandsli og Langhaugen videregående skoler opphøyrer all undervising, elevaktivitetar og ordinær eksamen frå og med onsdag 2. juni og så lenge streiken varer.
Ved Laksevåg videregående skole opphøyrer all undervising og elevaktivitetar frå og med 2. juni, men all ordinær eksamen går som normalt.
Ved Bergen katedralskole er mange lærarar tekne ut i streik, og for elevar i desse klassane, blir det ikkje undervising eller ordinær eksamen. Men skulen har også ein del lærarar som ikkje er i streik. I desse klassane møter elevane fram som normalt til undervising og eksamen.
Permisjonsvarsel
Ved desse fire skulane i Bergen sender fylkeskommunen ut betinga permisjonsvarsel til alle tilsette som ikkje er i streik. Dette omfattar om lag 100 tilsette. Permisjonsvarselet er 14 dagar, og eventuell permisjon blir vurdert når varslingstida er over.
Andre vidaregåande skular i Bergen
Ved dei andre vidaregåande skulane i Bergen blir det og opptrapping av streiken frå 2. juni. Dette vil råke undervising og ordinær eksamen. Merk at all privatisteksamen går som normalt.
Den enkelte skule orienterer elevane om følgjene av streiken.
Over 1 500 i streik
Utvidinga av streiken omfattar vel 1500 tilsette i fylkeskommunen frå onsdag 2. juni. Om lag 965 lærarar ved vidaregåande skular i Bergen vil vera i streik. Ved vidaregåande skular i heile fylket er om lag 430 personar i andre stillingar tekne ut i streik. Det er i hovudsak reinhalds-, kontor- og driftspersonell. I fylkesadministrasjonen vil om lag 130 personar vera i streik ved opptrappinga.
Vidaregåande skular i Bergen
UNIO (samanslutning der Utdanningsforbundet er den største organisasjonen) har varsla at ca. 555 lærarar ved desse vidaregåande skulane i Bergen legg ned arbeidet frå onsdag 2. juni:
Bergen handelsgymnasium (24)
Bergen katedralskole (51)
Bergen maritime videregående skole (20)
Bergen tekniske fagskole (15)
Bjørgvin videregående skole ( 63)
Fyllingsdalen videregående skole (48)
Laksevåg videregående skole (64)
Langhaugen videregående skole (45)
Lønborg videregående skole (27)
Sandsli videregående skole (53)
Tanks videregående skole (29)
Ulriken skolesenter (29)
Årstad videregående skole (86)
I streiken som har vore gang sidan 29. mai har UNIO teke ut lærarar ved desse skulane:
Fana gymnas (ca. 45)
Slåtthaug videregående skole (ca. 50)
Stend vidaregåande skule (ca. 30)
Åsane videregående skole (ca. 70)
U. Pihl videregående skole (ca. 30)
Tertnes videregående skole (ca. 45)
Garnes vidaregåande skule (ca. 35)
Arna vidaregåande skule (ca. 25)
Skolenes Landsforbund (SL), ein del av LO-kommune, har varsla plassoppseiing for 64 personar frå 2. juni. Det omfattar både 60 lærarar ved åtte skular i Bergen og fire tilsette i fylkesadministrasjonen.
UNIO har også varsla plassoppseiing for 28 medarbeidarar i fylkesadministrasjonen frå 2. juni
Skular i heile fylket
Fagforbundet (LO-kommune) har varsla at om lag 300 fleire av deira medlemer vert tekne ut i streik frå onsdag 2. juni. Frå før er ca. 100 medlemer i dette forbundet i streik i Hordaland fylkeskommune.
Fagforbundet har varsla plassoppseiing av tilsette ved 45 vidaregåande skular i fylket. Det gjeld i hovudsak merkantilt personale, sekretærar og konsulentar i administrasjonen, IKT-konsulentar, reinhaldarar og driftspersonell. Driftspersonellet sorterer organisatorisk til Eigedomsseksjonen, men arbeider på skulane.
Meir om streiken i Hordaland fylkeskommune