Hordaland har mange små og sårbare lokalsamfunn. Bulyst er eit nytt, statleg verkemiddel for å oppretthalda og vidareutvikla busetnaden i grisgrendte strøk. Stønadsordninga skal gjera det meir attraktivt å busetja seg i distriktskommunar. Ordninga skal støtte opp under gode lokale og regionale pilotprosjekt med solid forankring.
Trivsel for alle
LivOGlyst i Austevoll er i hovudsak knytt til Storebø-området og Austevollshella på Hundvåkøy, men fleire av dei lokale tiltaka har engasjert innbyggjarane i heile kommunen.
Bulyst og trivsel for alle står sentralt. Gjennom deltakinga i LivOGlyst-programmet har Austevoll evna å ta det lange steget frå lokale planar til konkrete handlingar, noko som på kort tid har gitt synlege resultat i form av nye arbeids- og møteplassar.
Kulturbakeriet
Kulturbakeriet i det gamle prestegardshuset opna i mars 2010. Kulturbakeriet har gitt innbyggjarane i Storebø-området ein sårt tiltrengt møteplass, og fleire nye arbeidsplassar. Bakeriet var ein suksess allereie før opninga. Innbyggjarane kan no oppleve kulturelle og sosiale arrangement som konsertar, song- og musikkveldar og litteraturkveldar. Tilbod som lokalbefolkninga ikkje har hatt tilgong på tidlegare. Kulturbakeriet har skapt noko heilt nytt på Storebø, og gitt ny giv og vekstkraft i heile lokalsamfunnet.
Mobilisert mange
I regi av LivOGlyst har det også vore Fiskefestival og mange arrangement retta mot barn og unge, så som skirenn, bålbrenning og fakkeltog. Det samla aktivitetstilbodet har mobilisert mange i målgruppa og vore viktige tiltak for auka trivsel og bulyst. Tett samarbeid mellom prosjektleiing, ordførar, lokale foreiningar, skular og næringslivsaktørar er ein av suksessfaktorane. Styringsgruppa vert leia av ordføraren. Etter behov og type arrangement går ein dugnadsvillig befolkning inn i ulike arbeids- og prosjektgrupper. Gjennom Bulyst-programmet ønskjer Austevoll å intensivera satsinga i Storebø, og integrera det veglause lokalsamfunnet Møkster i mobiliseringsarbeidet.
Eit føregangsdøme
Fylkeskommunen, som koordinerer den regionale bulystsatsinga, har fremja prosjektet som eit eksempel til etterfølging.
- Aktivt arbeid for å skapa møteplassar, samt kulturarrangement som inkluderingsreiskap i den lokale mobiliseringsprosessen, gjer Austevoll til eit føregangsdøme i LivOGlyst-satsinga i Hordaland. Såleis har prosjektet også klar overføringsverdi til andre fylke og aktørar i den nasjonale Bulystsatsinga, tilrår Hordaland Fylkeskommune i innstillinga til departementet.
Ein av seks søknadar
Prosjektet i Austevoll er eit av seks i Hordaland som det vart søkt om støtte til. Alle prosjekta ønskjer å snu ei uheldig utvikling med fråflytting og nedbygging av private og offentlege tenester og eit sårbart næringsliv, til vekst, utvikling og trivsel for alle. Tilskot og kompetanse frå Bulystsatsinga tek sikte på å utløysa og utvikla konkrete tiltak, og syta for konsolidering og erfaringsoverføring.
Ved å informera om dette og tilsvarande vellukka tiltak og korleis dei er organisert, vil lokalsamfunna bidra til å gjera kvarandre gode.
Tiltaket er eit av 35 prosjekt i heile landet som får bulyst-støtte i denne omgangen. 32 millonar kroner er delt ut. Det vart søkt om over 200 millionar kroner.
Les meir om LivOGlyst på Kom-an.no