Køprising i Bergen frå 2012

Hordaland fylkesutval går inn for at det skal innførast tidsdifferensierte bompengar – køprising – i Bergen frå 2012. Vedtaket er gjort med 9 (Ap, SV, Sp, V, KrF) mot 6 (H, Frp) røyster.

Handeland (Ap) fremja på vegner av Ap og V fylkesrådmannen si innstilling i saka. Det var dette forslaget  som vart vedteke med ni mot seks røyster.

Belønning

Fylkesutvalet legg til grunn at ei ordning med tidsdifferensierte bompengar vil vera knytt til auka statleg medverknad i finansiering av vidare utbygging av bybanen i Bergen, til dømes gjennom tilskot frå belønningsordninga.

Bergen og staten

Fylkesutvalet legg til grunn at ein må koma tilbake til den konkrete utforminga av regimet for tidsdifferensierte bompengar etter handsaming i Bergen kommune og drøftingar med Samferdselsdepartementet.

Fylkesutvalet understrekar at eventuell innføring av tidsdifferensierte bompengar krev lokalpolitisk tilslutning og godkjenning frå sentrale styresmakter.

Redusera biltrafikken

Innføring av køprising vert gjort for å redusera biltrafikken i bergensområdet. Frå samferdselsdepartementet er innføring av trafikkregulerande  tiltak ein sentral føresetnad for å koma med i den firårige ordninga for tildeling av belønningsmidlar  til kollektivtrafikken.

Mindre ureining

Fleire omsyn gjer det nødvendig å finna permanente løysingar for å redusera biltrafikken i bergensområdet, heiter det i saksutgreiinga. Dette gjeld mellom anna kapasitetsproblem på vegnettet, behov for å redusera klimagassutslepp og lokal luftforureining. Den dramatiske situasjonen knytt til lokal luftforureining i Bergen sist vinter tilseier at det er nødvendig å finne effektive løysingar så snart som råd.

Bybanen

Finansiering av vidare utbygging av bybanen etter 2. byggjesteg (Nesttun-Lagunen) er ikkje avklart. Bompengar vil vera eit nødvendig element også i den vidare utbygginga, men  det vill i tillegg vera nødvendig med auka statleg medfinansiering. Fylkeskommunen meiner dette til dømes kan skje gjennom tilskot frå belønningsordninga.

SV-forslag

Mette Holmefjord Olsen (SV) fremja  eige forslag, og røysta primært for dette. Forslaget fekk berre hennar røyst, og ho slutta seg subsidiært til forslaget frå AP/V.

I forslaget frå SV  heiter det at fylkesutvalet på prinsipielt grunnlag  skal vedta å innføra køprising. Vidare at fylkesutvalet skal ta initiativ overfor sentrale styresmakter for å utvikla eit køpris-regime etter modell frå Stockholm. Målet skal vera å få bygd ut kollektivtilbod i Bergen som kan vera eit reelt alternativ til privatbilen.

SV har slik protokollmerknad i saka: «SV føreset at evt. meirinntekter frå tidsdifferensierte bompengar vert brukte til investeringar i bybanen. Eventuell auke i belønningsmidlar frå staten skal brukast til auka ruteproduksjon og framkomsttiltak i Bergen.

Varsla lovlegkontroll

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H) varsla at han vil setja fram krav om lovlegkontroll  av vedtaket i denne saka.

Terje Søviknes (Frp) sa at Fremskrittspartiet vil vurdera om partiet skal stilla seg bak kravet om lovlegkontroll.

Krav om lovlegkontroll må setjast fram innan tre veker etter at vedtak er gjort.

Stanley Hauge 16.06.2010 16:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart