
Langhaugen videregående skole vann Holbergprisen i skolen 2010. Andreas Helland (f.v.), statsråd Tora Aasland, vinnar av Holbergs internasjonale minnepris Natalie Zemon Davis, Katrine Flaatten og Sondre Undertun. Foto: Scanpix/Holbergprisen.
Får skryt av juryen
Dei tre elevane ved Langhaugen videregående skole, Andreas Helland, Katrine Flaatten og Sondre Undertun får mykje skryt av juryen.
Svært høg kvalitet
– Dette er eit arbeid av svært høg kvalitet, metodisk så vel som tematisk. Ryddig og god presentasjon av tidlegare forsking, eigne undersøkingar og data, følgt av ein svært god diskusjon, seier juryen.
Ulovlege hjelpemiddel
Dei tre elevane får førsteprisen for forskingsprosjektet: "De usynlige". Dette er ein forskingsrapport om bruk av ulovlege hjelpemiddel på prøver. Dei tre elevane avsluttar rapporten med følgjande sitat: "Hvis denne Usynlighed ikke i Dag bliver forvandled til Synlighed, døer jeg af Utaalmodighet." Det var nok ikkje juksing i skulen som var tema for Holbergs stykke ”De Usynlige”, men i likskap med det som er tilfelle for juryen ville nok Holberg visst å setje pris på den avmaskering dei unge forskarane bak dette arbeidet føretek.
Statsråd og holbergvinnar
Prisen vart delt ut av forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland, og vinnar av Holbergs internasjonale minnepris, Natalie Zemon Davis, på Bergen Katedralskole.
Juks førekjem hyppig
Elevane sannsynleggjer at juks førekjem relativt hyppig og noko hyppigare enn det lærarane synest å meine. Funna viser elles noko overraskande at det er jentene som juksar mest. Kan hende har det samanheng med større prestasjonspress. Eit stort fleirtal oppfattar juksing som uakseptabelt og juksing gir opphav til skyldkjensler. Mest hos jentene, og interessant nok, mest hos elevar i første klasse.
Må bli lest av mange
– Forskingsprosjektet til Andreas Helland, Sondre Undertun og Katrine Flaatten er eit arbeid som fortener å bli lest av mange!, seier juryen.
Forskingsrapporten ”De usynlige” av dei tre elevane ved Langhaugen videregående skole (pdf)