Glede over samla tannklinikk i Åsane

– Eg har sakna å jobbe i eit større miljø og er glad for at vi er blitt samla her, seier klinikksjef Brit Helvik Roll ved den nyopna Hesthaugen tannklinikk i Åsane. Tre offentlege tannklinikkar med 15 tilsette er slegne saman.

Tannklinikken har fått med seg utstyr frå dei nedlagde klinikkane, pluss ein del nytt utstyr, mellom anna ein flunkande ny oransje tannlegestol. Klinikksjef Brit Helvik Roll (rundt stolen f.v.), fylkestannlege Inge Magnus Bruvik, nestleiar i opplærings- og helseutvalet i Hordaland, Eivind Nævdal-Bosdal, overtannlege Stein O. Moe og overingeniør Ragnhild Aak Skajaa.
Tannklinikken har fått med seg utstyr frå dei nedlagde klinikkane, pluss ein del nytt utstyr, mellom anna ein flunkande ny oransje tannlegestol. Klinikksjef Brit Helvik Roll (rundt stolen f.v.), fylkestannlege Inge Magnus Bruvik, nestleiar i opplærings- og helseutvalet i Hordaland, Eivind Nævdal-Bosdal, overtannlege Stein O. Moe og overingeniør Ragnhild Aak Skajaa. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Kort veg til buss
Tannklinnikkane på skulane Flaktveit og Marikollen i tillegg til tannklinikken på Breistein i dei tidlegare lokala til Vestlandsheimen er no lagde ned og flytta inn i nye lokale sentralt på Hesthaugen, kort veg frå Åsane senter og bussterminalen.

Sju millionar kroner
Det har kosta sju millionar kroner å tilretteleggje det 384 kvadratmeter store lokalet til tannklinikken. Arbeidet byrja i november i fjor, og innflyttinga har skjedd gradvis sidan slutten av april.

Dei tilsette likar seg på den nye tannklinikken i Åsane der grønt er valt som hovudfarge på veggane: Hildegunn Mørk (ståande bak f.v.), Heidi Berland, Trine Erdal, Ann Elin Instebø, Anita Johannessen, Tordis Hannisdal, Annika Finne, Eva Osebakken, Gerd Solbakken og Peter Villholth. Sitjande framme f.v:  Kari Ringheim, Aina Skånvik, Brit Helvik Roll og Irene Ness.
Dei tilsette likar seg på den nye tannklinikken i Åsane der grønt er valt som hovudfarge på veggane: Hildegunn Mørk (ståande bak f.v.), Heidi Berland, Trine Erdal, Ann Elin Instebø, Anita Johannessen, Tordis Hannisdal, Annika Finne, Eva Osebakken, Gerd Solbakken og Peter Villholth. Sitjande framme f.v:  Kari Ringheim, Aina Skånvik, Brit Helvik Roll og Irene Ness.

Ikkje lett å finne lokale
– Vi har hatt litt problem med å finne høvelege lokale til tannklinikken i Åsane. Fylkeskommunen har ikkje bygd noko nytt her og har heller ingen byggjeplanar. Vi ønskte lokale i nærleiken til bussterminalen. I fjor vart lokala ledige her og vi fekk overta, seier fylkestannlege Inge Magnus Bruvik.

Den første jobben til fylkestannlegen
I talen under opninga sa Bruvik at den første jobben han fekk då han vart fylkestannlege for 12 år sidan, var å samle dei små tannklinikkane i Åsane.
– Men ingenting vart det noko av, og de vart utolmodige. I fjor vart ørkenvandringa endeleg avslutta. Når eg ser resultatet, er eg svært nøgd. Vi har fått svært mykje ut av dette, og eg vil takke alle som har vore med, sa Bruvik og overrekte eit måleri til klinikksjefen.

Større miljø
Klinikksjef Brit Helvik Roll kom frå Flaktveit tannklinikk der det var to tannlegar og ein tannpleiar.
– Trafikkmessig er eg glad for å kome hit. Det tok lang tid å reise til og frå Flaktveit. Dessutan har eg sakna eit større miljø. Små tannklinikkar er sårbare og vi klarar ikkje alltid å få tak i fagfolk. Her får vi eit fagmiljø og blir meir effektive, seier klinikksjef Brit Helvik Roll.

Fylkestannlege Inge Magnus Bruvik gratulerer og overrekkjer eit bilete til klinikksjef Brit Helvik Roll.
Fylkestannlege Inge Magnus Bruvik gratulerer og overrekkjer eit bilete til klinikksjef Brit Helvik Roll.

Bjarte Brask Eriksen 08.06.2010 10:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart