Fyrtårnmidlar til Marstein fyr

Fyrtårnmidlar frå Hordaland fylkeskommune var eit viktig bidrag til restaureringa av Marstein fyr. Jonsokafta tok 300 personar turen i sol og vindstille for å oppleva fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg føreta nyopninga.

Ordførar Helge Andre Njåstad og styrleiar Magnus Stangeland bisto fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under den høgtidlege nyopninga av Marstein Fyr. (Foto: Matti Torgersen). 

Marstein fyr vart tend første gongen i 1877. I 2002 vart det ubemanna, og i januar 2005 vart det herja av stormen Inga. Austevoll kommune kjøpte fyret av Kystverket i same året, og tok fatt på det krevjande attreisingsarbeidet. Kommunen vil no driva fyret vidare i ein stiftelse.

Konsesjonskraftinntekter

For nyopninga har store delar av bygningsmassen gjennomgått til dels omfattande restaurering. Eit arbeid som totalt har kosta kring 9 millionar kroner, og der fylkeskommunen har løyvd 3,5 millionar i fyrtårnmidlar til prosjektet.

Fyrtårnmidlane vert tildelt ut frå fylkeskommunen sine konsesjonskraftinntekter, og skal gå til prosjekt som kan skapa noko unikt for heile eller delar av fylket, eller som kan medverka til å skapa attraktive og konkurransedyktige regionar. Lokal medfinasiering er eit krav.

Opplevingsturisme

Austevoll kommune ønskjer å gjera fyret tilgjengeleg for allmenta, og vil særleg henvenda seg til reiselivsbasert opplevingsturisme. Sjølve turen ut til fyret, og dei sterke naturopplevingane, vil vera ei oppleving i seg sjølv for urbane gjestar. Trygt ute på fyret etter å ha kryssa Korsfjorden kan dei besøkjande la seg bergta av kunstustillingar inne i sjølve fyret. Dei som ønskjer det kan også tinga mat og drikke for å nyta eit spesielt og minneverdig måltid i havgapet.

Marstein ein viktig tilvekst

- Fyra langs kysten er markante kulturminne som på ein spesiell måte er med på å karakterisera Noreg som kyst- og sjøfartsnasjon. Mange av desse fyra er no restaurerte. Langs den langstrakte kysten vår  er det no vel 50 fyr som tilbyr overnatting i ei eller anna form. Marstein fyr blir ein viktig tilvekst til denne floraen av overnattingsfyr, helsa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i talen sin til dei frammøtte.

- Eg vil og gjerne tru at bidraget frå Hordaland fylkeskommune til oppussinga har vore til noko hjelp, sa fylkesordføraren.

- Med dei spanande planane og visjonane som ligg føre for bruk av fyret og området er det all grunn til å tru at det vil bli folksamt her i åra frametter, både folk frå Austevoll og ikkje minst turistar frå fjern og nær, sa Nyborg.

Jonsokafta tok 300 personar vegen over den vindstille Korsfjorden for å markera nyopninga av Marstein fyr etter orkanen Inga sine herjingar i 2005. (Foto: Matti Torgersen).

Landemerkje

Marstein fyr er det første landemerkjet cruiseturistane ser når dei kjem sjøvegen sør- og vestifrå mot Bergen. Austevoll kommune, og styreleiar Magnus Stangeland, har ein visjon om at fyret skal få same symbolverdien for Bergen som Fridomsgudinna har for NewYork.

Liv Strømme 25.06.2010 10:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart