Drifta av vegnettet er forbunde med stadig større utfordringar grunna ein urovekkjande kostnadsauke på driftskontraktar dei seinare åra. Det er behov for tiltak som kan redusera kostnadsveksten og auka kvaliteten på kontraktane. Tiltaket er naudsynt for å hindra at vegvedlikehaldet vert ein salderingspost, heiter det i fylkesutvalet sitt samrøystes høyringsfråsegn til Statens vegvesen sitt framlegg til riksvegsbudsjett for 2011.
E39 - Kyststamvegen
Utbetring av Vestlandet si hovudpulsåre - E39 – Kyststamvegen er ei høgt prioritert satsing i samtlege fire Vestlandsfylke. Fylkesutvalet i Hordaland føl opp med å prioritera desse tiltaka i fylket vårt:
- E39 Jektevik – Sandvikvåg vert finansiert med 50 prosent statlege midlar, jamfør Statens vegvesen sitt Handlingsprogram 2010 – 2013.
- E39 Vågsbotn – Hylkje (Eikåstunnelen) bør sikrast tilstrekkjelege planressursar til at oppstart kan skje som føresett i 2011.
- Bompengesøknaden for E39 Svegatjørn – Rådal bør fremmast for Stortinget så raskt som råd.
Når det gjeld omlegginga av E134 Haukelifjell oppfordrar fylkesutvalet om at midlar til planleggingsarbeidet bør prioriterast høgt.
Oppfølging av NTP eit minimum
Fylkesutvalet er oppteken av at staten som eit minimum følgjer opp satsinga i Nasjonal transportplan 2010 – 2019 med løyvingar i riksvegbudsjettet for 2011. Fylkesutvalet peikar særleg på ei høgst naudsynt, mindre utbetring i Fløyfjellstunnelen som det ikkje vil vera rom for å gjennomføra om det istaden vert lagt opp til ei vidareføring av 2010-budsjettet.