
Dronning Sonja klipte snora som markerte opninga av Bybanen. I bakgrunnen ordførar Gunnar Bakke, samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og byrådsleiar Monica Mæland. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Festdag
Bybaneopninga vart ein festdag av dei sjeldne for engasjerte bergensarar: Etter 20 år med diskusjon kan dei første 9,8 kilometrane med skinner og 15 haldeplassar markera starten på ein ny tidsalder i byen – før og etter bybanen. 2,2 milliardar kroner har det kosta, men det var det ingen som vart overraska over.
Dronning Sonja på vandring i Byparken i Bergen med byrådsleiar Monica Mæland (t.h.) og byråd Lisbeth Iversen (t.v.). (foto: Liv Strømme)
Fylkeskommunen overtek
Den høgtidsame opninga markerte samstundes at Hordaland fylkeskommune no formelt overtek ansvaret både for drifta og den vidare utbygginga av Bybanen frå Bergen kommune.
I gode hender
– Den vidare utbygginga er opp til Hordaland fylkeskommune. Vi skulle svært gjerne ha gjort jobben sjølv, men vi er veldig sikre på at ansvaret er i gode hender, sa byrådsleiar Monica Mæland i Bergen som ei markering av ansvarsoverføringa.
I dronningfølgjet kom fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (t.v.), miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (t.h.). (foto: Liv Strømme)
Godt rusta
– I fylkeskommunen er vi godt rusta til å gjere Bybanen til eit effektivt og framtidsretta transportmiddel for bergensarane. Saman med eit oppstramma og forbetra busstilbod med nye og moderne bussar håpar vi no at byens befolkning lar bilen stå og heller reiser kollektivt, oppfordra fylkesordføraren.

– Eg sikker på at Bybanen vil bli eit landemerke, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av Bybanen. På fremste benk: Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (f.v.), byråd Lisbeth Iversen, byrådsleiar Monica Mæland, Dronning Sonja og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Bak t.v: Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Til høgre: Fylkesmann Lars Sponheim og ordførar Gunnar Bakke. (foto: Stanley Hauge)
Store krav
– Bybanen er eit nytt transportmiddel i bybiletet, som eg håpar at vi så raskt som mogleg skal få til å fungere slik det er tenkt. Både tekniske utfordringar og trafikkavvikling stiller store krav til fylkeskommunen som baneansvarleg og Fjord1 Partner som operatør.
Kjempeløft for miljøet
– Dette er eit kjempeløft for ei meir miljøvenleg utvikling av Noregs vakraste by, heldt fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg fram.
Bergen er utenkjeleg utan «Brann»! Ingen kan tenkje seg byen utan Fløibanen, Fisketorget, Bryggen! På same måte er eg sikker på at Bybanen vil bli eit landemerke og etterkvart feste seg innerst i sjela til bergensarane, avslutta fylkesordføraren helsingstalen sin.
Bybanen med Dronning Sonja om bord passerer fylkeshuset, og tilsette i Hordaland fylkeskommune vinkar til Dronninga. (foto: Ann Steindal)

Frå innmarsjen til Festplassen. (foto: Stanley Hauge)

Fylkesordførar Torill Selsvåg Nyborg taler på Festplassen. (foto: Stanley Hauge)

Ordførar Gunnar Bakke taler. (foto: Stanley Hauge)