Den store eksamensdagen for privatistar

Fredag 4. juni blir den store dagen for dei som tek privatisteksamen i Hordaland. Heile 1500 kandidatar skal opp til eksamen på 13 stader over heile fylket. Dispensasjon frå streiken er gitt, så eksamen går som planlagt.

– Vi har rundt 200 personar i sving for å avvikle privatisteksamen 4. juni, fortel leiar ved eksamenskontoret i Hordaland fylkeskommune, Henning Galtung.

– Vi har rundt 200 personar i sving for å avvikle privatisteksamen 4. juni, fortel leiar ved eksamenskontoret i Hordaland fylkeskommune, Henning Galtung.800 kandidatar i Grieghallen
4. juni er det skriftleg eksamen for lærlingar og praksiskandidatar som skal ta fagprøve. Dette gjeld mellom anna over 300 helsefagarbeidarar, 120 barne- og ungdomsarbeidarar og ein del stillasarbeidarar. For å avvikle eksamen for så mange, har Hordaland fylkeskommune leigd lokale i Grieghallen der 800 kandidatar skal ta eksamen. Dessutan skal 200 kandidatar ta eksamen i lokala til Kristent Fellesskap i Møllendalsbakken og 200 ved Laksevåg videregående skole. I tillegg stiller kandidatar til privatisteksamen ved Årstad videregående skole, Sotra vidaregåande skule, Voss gymnas, Fusa vidaregåande skule, Stord vidaregåande skule, Kvinnherad vidaregåande skule, Odda vidaregåande skule, Norheimsund vidaregåande skule, Rubbestadnes vidaregåande skule og Os vidaregåande skule.

Stort apparat i sving
Hordaland fylkeskommune har eit stort apparat for å avvikle eksamen.
– Vi er rundt 200 personar i sving for å avvikle eksamen 4. juni. Tilsette ved eksamenskontoret har fått dispensasjon frå streiken for å avvikle all privatisteksamen i Hordaland. Administrativt tilsette ved dei vidaregåande skulane våre som var tekne ut i streik, har og fått dispensasjon. I tillegg har vi innleigde eksamensvakter, som vi alltid bruker under eksamen, opplyser leiar for eksamenskontoret i Hordaland fylkeskommune, Henning Galtung.

Problema med PC løyst
Ein del av eksamenskandidatane skal bruke PC under eksamen, og alt er tilrettelagt på eksamenstadene for at dette skal fungere. Enkelte har med seg PC, mens andre får bruke PC som er installert i eksamenslokalet. Galtung opplyser at problemet med at nokre få har levert blank eksamen via PC, er løyst.
– I år har dette gått greitt. Vi hadde eitt tilfelle der filen forsvann då minnepennen vart teken ut, men der fann vi dokumentet på PC-en, og eksamen vart levert. Vi kan no laste opp og sjå filen når den blir levert. Dette sjekkar vi ved levering. Ingen skal difor kunne miste dokumentet sitt, understrekar Galtung.

Som normalt
All privatisteksamen har gått som normalt, både skriftleg og munnleg under streiken. I neste veke går den aller siste skriftlege eksamen for privatistane. Det er eksamen i matematikk for yrkesfag torsdag 10. juni for 45 kandidatar. Munnleg eksamen i neste veke går også som normalt for privatistane. 

Bjarte Brask Eriksen 03.06.2010 12:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart