Byggjer bussanlegg til 180 mill. kr på Haukås

Hordaland fylkesting har godkjent kostnadsramma på 180 mill. kr for bussanlegget som skal byggjast på Haukås i Bergen. Kostnadsramma er auka med 50 mill. kr i samband med anlegget også skal omfatta verkstad.

Godkjenninga vart gjort mot 2 (Raudt) røyster.

I utbyggingsplanen var det opphaveleg ikkje teke med lokale til verkstad, då verkstadtenester skulle kjøpast hjå merkeverskader i bergensområdet. Firmaet Ricco AS, som har stor kompetanse knytt til opparbeiding og drift av bussverkstader, har sterkt rådd til at det vert bygd verkstad for buss som del av anlegget på Haukås. Grunnen er manglande verkstadkapasitet hjå merkeverkstadane i området.

Anlegget på Haukås får ein samla bygningsmasse på 3 600 m2 og er dimensjonert for 163 bussar. 

Forslag som fall
Gisle Handeland sette på vegner av A og SP fram slikt forslag om tillegg i vedtaket: «Fylkestinget ber om å få lagt fram nærare opplysningar om korleis prosjektet skal finansierast gjennom anbodsutsetjing og kva konsekvensar kostnadsauken vil gje for kollektivtilbod og prisar.»
 Forslaget fekk 27 (Ap, SV, Sp, V, Raudt) røyster og fall.

Om anlegget
Anlegget er fysisk delt i tre delar.
 Ein del inneheld kontor for administrasjon og sosiale rom for sjåførar. Arealet er på to etasjar med resepsjon, kontor og oppgjersrom i 1. etasje. I 2. etasje er det garderobar, toalett og kantine/møteromfor sjåførar. Samla areal er ca. 600 m2.
 Den andre delen inneheld hallar for innvendig og utvendig reinhald av bussane. Samla areal er ca. 900 m2.
 Verkstaden er dimensjonert for 8 leddbussar. I tillegg er det kontor, garderobe, spise- og møterom. Denne delen kan også skiljast ut som ei eiga verksemd. Samla areal er 2.100 m2. Etter signal om gassbussar, er det teke omsyn til tryggleikstiltak knytt til mogleg gasslekkasje frå bussane.

Uteanlegget får 163 bussoppstillingsplassar fordelt på 105 leddbussar og 58 normalvognar. Det vert 98 parkeringsplassar for personbil og 18 sykkelparkeringsplassar under tak. Eit eventuelt gassanlegg vert levert av bussoperatøren som sjølv tar kostnadane med installering på tomten.

Stanley Hauge 10.06.2010 14:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart