HM Dronning Sonja kjem til Nesttun kl. 12.00 og går på Bybanen der. På veg til sentrum vert det stopp på Sletten ca. kl. 12.20. Kl. 12.35 kjem Bybanen med Dronninga til Kaigaten.
Kl. 12.45 vert det talar på Festplassen ved ordførar Gunnar Bakke og byrådsleiar Monica Mæland i Bergen og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Bergen kommune har stått for utbygginga av Bybanen. Hordaland fylkeskommune skal stå for drifta. Fylkeskommunen skal også stå for den vidare utbygginga av bybanen. Byggjesteg 2 frå Nesttun til Lagunen er alt sett i gang.
Opningsseremonien 22. juni markerer den offisielle overleveringa av ansvaret for Bybanen frå Bergen kommune til Hordaland fylkeskommune.
Fylkeskommunen vil ha eit tett samarbeid med Bergen kommune om den vidare utbygginga av bybanen.
Program for opninga av Bybanen
Reis gratis med Bybanen 22. juni
Hvor og når går Bybanen
Slik reiser du med Bybanen
Trafikksikkerhet
Spørsmål og svar om Bybanen
Videoar om Bybanen
Fotokonkurranse – Bybanen første vekaNamnekonkurranse – kva skal bybanevognene heite?
Bybanen i Kaigaten. (Foto: Rune Jensen, Hordaland fylkeskommune, Bybanen Utbygging.)