Bybanen mot 2040

Hordaland fylkesting skal 8.- 9. juni handsama planen for vidare utbygging av Bybanen. Planen legg opp til ei etappevis utvikling av bybanenettet. Høgast prioritet har ei forlenging frå Lagunen til Flesland. Deretter Sentrum – Åsane og Sentrum – Haukeland

Foto: Rune Jensen/Bybanen
Dette er hovudkonklusjonane i analysen ”Framtidig bybanenett i Bergensområdet” som Fylkestinget no skal ta stilling til.

Analysen er utvikla på grunnlag av ein forventa vekst i folketalet på 150.000 i Bergen og omeignkommunane i åra fram mot 2040. Planen vurderer to ulike alternativ for byutvikling og fortetting. Det vert samstundes teke høgde for ulike vurderingar av vekst i kollektivtrafikken.

Fire hovudspørsmål

Analysen tek utgangspunkt i fire hovudspørsmål:

Kva vil vera dei mest aktuelle transportkorridorane for å vidareføra Bybanen i denne perioden?

Kor langt ut i bystrukturen det kan vera teneleg med ein bane?

I kva rekkjefølgje bør dei ulike strekkjene byggjast ut?

På kva stamruter i kollektivtrafikken er trafikkgrunnlaget for lite for bane, men samstundes stort nok til at det er behov for tiltak for buss? 

Etappevis utbygging

Strekkja Rådal – Flesland vert vurdert å ha størst nytte i høve investeringsbehovet. Området vert vurdert å ha eit stort byutviklingspotensiale tidleg i planperioden, med konkrete planar for stor vekst i næringsutviklinga i nærområdet til banen.

Sentrum - Åsane vert føreslege utbygd i to etappar: Sentrum – NHH vert vurdert å kunna gje ei god betening av trafikken gjennom sentrum, med stort trafikkpotensial. Vil kunna føra til redusert busstrafikk gjennom sentrum, og samtundes kunna forsterka ei kollektivvenleg byutvkling i Sandviken. NHH – Åsane vil ha stort trafikkpotensiale og vil kunna gje eit effektivt driftsopplegg som erstattar buss. 

Mot Fyllingsdalen

Også strekkja Sentrum – Fyllingsdalen vert føreslege utbygd i to etappar: Sentrum – Haukeland sjukehus – Mindemyren vil kunna gje god betening av området kring Haukeland sjukehus, og forsterka den kollektivvelege byutvklinga på Mindemyren. Mindemyren – Fyllingsdalen vil kunna knyta saman to tunge byområde som har dårleg samband i dag. Strekkja vert vurdert å ha stort trafikkpotensial.

Vidare stamruter mot nord, sør, vest og mot Birkelundstoppen vert vurdert å ha eit trafikkgrunnlag som er best eigna for buss.                                                                     

Tek ikkje stilling til finansiering

Analysen tek ikkje stilling til korleis ei framtidig utbygging av bybanenettet kan finansierast.

Analysen er utarbeidd på oppdrag frå Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens Vegvesen. I prosjektgruppa som har utarbeidd rapporten har også Fjell kommune, Skyss og Bybanen AS vore representert.

Klar for byggetrinn 2

Bybanen har sin første offisielle køyretur frå Sentrum til Nesttun 22. juni. Samstundes vert dei siste førebuingane til forlenginga av banen frå Nesttun til Lagunen avslutta. Strekkja skal vera klar for trafikk i 2013, i henhald til planen. Trafikkprognosene tilsier at talet på dagelege reisande vil auka frå 26.000 til 35.000 som følgje av forlengjinga. Byggetrinn 2 er kostnadsrekna til 1,4 millardar kroner.

Les fylkestingssak 30/10 | Andre saker i fylkestinget 8. og 9. juni 2010

Bybane blir flybane

Liv Strømme 04.06.2010 10:53
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart