Bybanekorridorar for framtida

Hordaland fylkesting har vedteke korridorar for den framtidige utbygginga av Bybanen i Bergen.

Fylkestinget har peika ut desse korridorane for bybaneutbygging:

· Rådal – Bergen lufthamn Flesland
· Bergen sentrum – Åsane
· Bergen sentrum – Haukeland sjukehus – Mindemyren – Fyllingsdalen
· Bergen  sentrum – Loddefjord – Straume

Vedtaket vart gjort med 32 (Ap, SV, V, Sp, KrF, Raudt) mot 25 røyster (H, Frp).
Høgre røysta primært for å ta ut kulepunktet Bergen sentrum – Loddefjord – Straume. Forslaget fekk berre Høgre sine 11 røyster og fall. Subsidiært røysta Høgre saman med Fremskrittspartiet for å ta ut heile punktet med dei fire korridorane.

For dei fire korridorane skal det setjast i gang planarbeid etter plan- og bygningslova, går fylkestinget inn for. (Vedteke mot 14 (Frp) røyster.)

Fylkestinget legg til grunn at utgreiinga om bybanenett skal inngårsom ein sentral del av det
pågåande arbeidet med ei konseptvalutgreiing (KVU) for Regionpakke Bergen. (Samrøystes.)

Fylkestinget gjev tilslutning til at det vert starta arbeid med å sikra framkomsten for bussane til og frå Bergen vest. (Samrøystes.)
 Venstre føreslo at det som tillegg til dette punktet, skulle føyast til: «Fylkestinget føreset at bussen må få prioritert til og over Puddefjordsbrua.» Forslaget fekk 9 røyster (V, SV, Raudt) og fall.

Analysen «Framtidig bybanenett i Bergensområdet»  er utarbeidd på oppdrag frå Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen.  Analysen har eit perspektiv fram mot 2040.

Analysen er utvikla på grunnlag av ein forventa vekst i folketalet på 150.000 i Bergen og omlandskommunane i åra fram mot 2040. Planen vurderer to ulike alternativ for byutvikling og fortetting. Det vert samstundes teke høgde for ulike vurderingar av vekst i kollektivtrafikken.

Stanley Hauge 09.06.2010 11:19
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart