Oppstillingsplass med plass til 250 bilar skal halda feriekøane unna Fv. 48. Samstundes vert mogeleg å setja inn større ferjer. Ei slik skal etter planen setjast inn på strekkja Åsnes – Varalsøy – Germundshamn i slutten av august.
Første del av anlegget som vert opna torsdag består av 640 meter veg med
God plass: Oppstillingsplass til 250 kjørtøy bør klara halda ferjekøen unna Fv. 48. (foto: Statens vegvesen)
oppstillingsplass, parkeringsplass, servicebygg, bussfelt med busstopp og drosjehaldeplass. Det er og anlagt 200 meter ny veg i retning Odda.
Utbetringa av vegen Løfallstrand – Teigen tok til i februar, og er enno ikkje avslutta.
Fylkeskommunen overtek
Kostnadane for heile anlegget er stipulert til 80 millionar kroner. Staten har løyvd 20 millionar kroner. 40 millionar kroner vil verta dekka gjennom etterskotsvis innkrevjing av bompengar.
Anlegget på FV. 48 inngår i den delen av det øvrige riksvegnettet som Hordaland Fylkeskommune overtok frå Staten siste årsskiftet. Fylkeskommunen er difor ansvarleg for restfinansieringa.
Første ferje
Første ferja legg frå kai på Årsnes kl. 05.00 torsdag morgon. Første passasjeren vil kunna venta seg ei hyggeleg overrasking.
Deretter går det slag i slag utover dagen. Den offisielle opninga med snorklipping av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg finn stad kl. 11.00, før det vert lunsj for inviterte i Rosendal samfunnshus.
Alle passasjerar (utan bil) vil reisa gratis med ferja frå klokka 09.00 – 12.00 opningsdagen.
For meir informasjon, kontakt:
Hordaland fylkeskommune: Thorbjørn Aarethun, tlf. 92058252
Statens Vegvesen : Olav Svendsen, tlf. 48275480