
Marianne Salfatte (i grønt) står i køen for å bli registrert til privatisteksamen som helsefagarbeidar og synest at informasjon om streiken og eksamensavviklinga har vore god. Eksamensvakt Kjell Toftesund (t.h.) registrerer kandidaten. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Helsearbeidar
Marianne Salfatte tok skriftleg eksamen til fagprøva som helsearbeidar.
– Informasjonen om avvikling av eksamen i samband med streiken har vore god. Vi visste at vi skulle møte her i dag. Ønsk meg lukke til! seier Marianne Salfatte som arbeider ved Fantoft omsorgssenter og i Sandviken heimesjukepleie. Ho er ei av over 300 som denne dagen tok skriftleg prøve i helsearbeidarfaget.

– Eg vart litt uroa då eg såg den lange køen, men avviklinga har gått greitt, seier leiar av eksamenskontoret i Hordaland fylkeskommune, Henning Galtung, som orienterte dei 800 kandidatane i Grieghallen om eksamen.
Alle vart registrert
Då 800 eksamenskandidatar skulle inn i det store lokalet i underetasjen i Grighallen vart det noko kø.
– Eg vart litt uroa då eg såg den lange køen, men avviklinga har gått greitt. Alle er registrert og får teke eksamen, seier leiar av eksamenskontoret i Hordaland fylkeskommune, Henning Galtung.

– Etter denne skriftlege prøva skal eg ta fagprøve som barne- og ungdomsarbeidar, seier Ingrid Tombre som tok eksamen på PC.
PC-eksamen
Også for kandidatar som skal ta eksamen ved hjelp av PC, fungerte det fint.
– Eg har rigga meg til her med PC og skal levere elektronisk. Etter denne skriftlege prøva skal eg ta fagprøve som barne- og ungdomsarbeidar. Då får eg meir i løn, seier Ingrid Tombre som arbeider i Regnbuen barnehage på Kokstad. 120 kandidatar tok i dag skriftleg prøve i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Veteran
Ein av veteranane i det store eksamenslokalet i Grieghallen, er Kjell Toftesund.
– Eg har vore eksamensvakt i meir enn 10 år. Tidlegare var eg administrerande direktør i Assuranceforeningen Skuld. Det er utruleg kjekt å vere eksamensvakt. Vi hadde litt kø i dag, men eg har ein god sidemann, så det gjekk greitt å ta unna registreringa av kandidatane, seier Toftesund.

Heile 800 kandidatar stilte til skriftleg eksamen i det store lokalet i kjellaren i Grieghallen.
Den store dagen
I dag var den store eksamensdagen for privatistane i Hordaland. Totalt gjekk 1500 kandidatar opp til eksamen på 13 stader i fylket. Dispensasjon frå streiken er gjeve, slik at eksamen kunne gå som planlagt.
75 eksamensvakter
– Alle vi som arbeider ved eksamenskontoret har fått dispensasjon. Også administrasjonen som avviklar privatisteksamen ved dei vidaregåande skulene, har fått dispensasjon. I tillegg brukar vi eksterne innleigde eksamensvakter. Her i Grieghallen har vi 75 eksamensvakter i dag, opplyser leiar av eksamenskontoret, Henning Galtung.
Også den resterande privatisteksamen går som normalt, både skriftleg og munnleg.
Meir om privatisteksamen