Som ansvarleg for vidaregåande opplæring i Bergen og Hordaland tek Hordaland fylkeskommune problemet med fråfall av elevar i vidaregåande skular på alvor. Problemet er mindre omfattande enn det gjerne vert framstilt som i media, men like fullt stort nok til at fylkeskommunen vil setja av 7,5 millionar kroner til målretta mottiltak i 2010.
Framlegget til handlingsplan er utarbeidd på grunnlag av ei kartlegging utført i 2009.
Tidleg innsats
Handlingsplanen ønskjer å identifisera og gripa fatt i dei svakaste elevane så tidleg som mogeleg. For å få dette til vert det lagt opp til betre samarbeid mellom grunnskule og vidaregåande skule. Fleire av tiltaka vil særleg verta retta mot elevar med svake resultat frå ungdomsskulen og første året på vidaregåande.
Generell kompetanseheving av lærarar, og tiltak retta mot skular med særleg stort fråfall er det også funn rom for i framlegget.
Fagopplæringskontoret
Fagopplæringskontoret må sikrast tilstrekkjelege ressursar til å følgja opp læreverksemder og lærlingar, vert det føreslege som eige punkt i vedtaket.
Krav om effektmåling
For å vera sikker på at tiltaka får ønska effekt, vert det føreslege at handlingsplanen vert fulgt opp med ei eiga sak om mål og måloppnåing. Her må det framkoma informasjon om måleparametre, dagens status, forventa effekt og korleis måloppnåinga skal målast for dei einskilde tiltaka.
Les heile fylkestingsak 25/10.