7,5 mill. kr mot fråfall i vidaregåande skule

Talet på elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring i Hordaland skal reduserast med fem prosent. Kartlegging av risikogrupper og tiltak retta mot minoritetsspråklege elevar er dei to postane som får største løyvingane i framlegget til handlingsplan

I 2010 har fylkeskommunen sett av 7,5 millionar kroner til målretta tiltak mot fråfall.

Framlegget til handlingsplan er utarbeidd på grunnlag av ei kartlegging utført i 2009.

Tidleg innsats
Handlingsplanen legg opp til å identifisera og gripa fatt i dei svakaste elevane så tidleg som mogeleg. For å få dette til skal samarbeidet mellom grunnskule og vidaregåande skule betrast. Fleire av tiltaka vil særleg verta retta mot elevar med svake resultat frå ungdomsskulen og første året i vidaregåande.
Generell kompetanseheving av lærarar, og tiltak retta mot skular med særleg stort fråfall er det også funne rom for i planen. 

Fagopplæringskontoret
Fylkestinget har merka seg at fagopplæringskontoret må sikrast tilstrekkjelege ressursar til å følgja opp læreverksemder og lærlingar, heiter det i eit eige punkt i vedtaket.

Stanley Hauge 10.06.2010 14:23
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart