50.000 til dokumentarfilm-samling

Dokumentarfilmen står sterkt i det bergenske filmmiljøet. Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke å løyva 50.000 kroner til Vestnorsk filmsenter til gjennomføringa av det første dokumentarfilmkonventet i landet.

Ein stor del av den norske dokumentarproduksjonen skjer utanfor Oslo. Heile 80 prosent av dei vel 300 aktive filmselskapa på Vestlandet jobbar med dokumentarfilm.  

Det er Norske Film & TV Produsenters Forening og Vestnorsk filmsenter som arrangerer konventet, i samarbeid med tv-kanalene og Norsk Filminstitutt.

Gylden sjanse

Dokumentarkonventet vil samla om lag 150 aktørar frå den profesjonelle delen av norsk filmbransje. Dette vil vera ei gylden sjansen for det lokale miljøet til å visa kva det er god for. Arrangørane ønskjer å nytta dei mogelegheitane som konventet gjev til å å løfta den regionale filmbransjen, stimulera til samarbeid og talentutvikling, og gje kunnskap om nye distribusjonsmoglegheiter og tilgang til internasjonale marknadar.  

Samla bransjen

Stor geografisk spreiing har til no gjort det vanskeleg for det norske dokumentarfilmmiljøet å framstå som ein stor og sterk bransje. Dokumentarkonventet skal bidra til å skapa ein samla og sterk bransje, med sterkare identitet og auka anerkjenning i ein krevjande film- og TV-bransje.  

Konventet skal verta eit årleg arrangement som skal følgja opp og styrka bransjen over tid.

Liv Strømme 17.06.2010 14:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart