Hordaland fylkeskommune sikra ei årleg inntekt frå salet av konsesjonskraft. Eindel av midlane er øyremerka regionale utviklingstiltak.
Attraktive regionar
Intensjonen med ordninga er å stimulera til å skapa noko unikt for heile eller delar av fylket. Pengane skal bidra til å skapa attraktive og konkurransedyktige regionar. Fylkesutvalet har i tildelinga lagt vekt på om prosjekta byggjer opp under strategiane som er vedteke i Fylkesplan for Hordaland i 2005 – 2008, og i Regionalt utviklingsprogram for Hordaland i 2010. Midlane skal primært gå til investeringsføremål.
Forventningsfull fylkesordførar
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er oppteken av at fylkeskommunen skal bidra til å skapa nye møteplassar for kultur i fylket:
- Desse prosjekta vil supplera og utfylla dei eksisterande kulturelle møteplassane i fylket vårt. Eg er sikker på at dei vil utløysa endå større aktivitet i det blømande og mangfaldige kulturlivet vi i dag ser utfalda seg, seier Selsvold Nyborg i forventning om komande konsertar, festivalar og spelstykke.
Budsjett 2010
I budsjettet for 2010 er det sett av 15 millonar konsesjonskraftkroner til regional utvikling.
Fylkesutvalet pleier sjå behovet for midlar i eit fleirårig perspektiv. Eindel av midlane for 2010 er bundne opp i tidlegare tildelingsrundar.
|
Prosjekt som får midlar i denne tildelinga |
2010 |
2011 |
|
Os kunst- og kultursenter |
|
3,0 |
|
Fleirbrukshall i Vaksdal |
1,0 |
1,0 |
|
Litteraturhuset ”Bokbadet” på det nedlagte smelteverket i Odda |
|
1,5 |
|
Smelteverkssmia ”Oddasmio” |
|
0,5 |
|
Arrangørbygda Voss |
2,5 |
2,5 |
|
Steinriket Bømlo |
|
1,0 |
|
Sum i denne tildelinga |
3,5 |
9,5 |
|
|
|
|
|
Prosjekt som er tildelt midlar i tidlegare tildelingsrundar |
|
|
|
Business Region Bergen |
2,5 |
2,5 |
|
KUP (?) |
3,0 |
3,0 |
|
Vestnorsk utvandringssenter – museums- og infosenter |
2,0 |
|
|
Utbetring av FV 381 Matre – Stordalen |
4,0 |
|
|
Totalt |
15,0 |
|
Fylkestinget legg i vedtaket føringar på korleis konsesjonskraftmidlane skal fordelast i 2011 og 2012.
Mellom dei prosjekta som ikkje har fått midlar på budsjttet for 2010, er Kunstnarhus i Fartein Valen sitt landskap. Dette prosjektet vil Fylkesutvalet koma tilbake til i budsjettet for 2011.